Heim Nyhende Nynorsk Wikipedia runder 100 000

Nynorsk Wikipedia runder 100 000

Nynorsk Wikipedia har publisert sin artikkel nummer 100 000. Med det har leksikonet runda ein viktig milestein.

– Oppslagsverk er språket sine grunnmurar. Tilgjengeleg kunnskap på eige språk er avgjerande for å halde på språket. Nynorsk Wikipedia gjer det lettare å vere nynorskbrukar. På vegner av unge og eldre, elevar og nyfikne, skrivande og søkjande: Hundre tusen takk, seier avtroppande leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård i eipressemelding.

Størst på nynorsk på nett

Nynorsk Wikipedia er den største nynorske tekstprodusenten på nett, og den 45. største Wikipedia-utgåva blant alle språka leksikonet blir laga på. Kvar månad er det meir enn 8 millionar oppslag mot Nynorsk Wikipedia, og det er meir enn dobbelt så mange oppslag mot Nynorsk Wikipedia som mot Islandsk.

Styreleiar i Wikimedia Noreg, Jon Harald Søby, peiker på at når nynorsk Wikipedia no har runda 100 000, så er dette ein milestein ikkje berre for Wikipedia i Noreg, men òg for utbreiinga og bruken av nynorsk på verdsveven i det heile.

“Bye Alex” er artikkelen som vart nummer 100 000, den handlar om den ungarske artisten som skal representere Ungarn i Eurovision Song Contest.

Oppdatert rettskriving

Etter at nynorskrettskrivinga av 2012 tredde i kraft, har Nynorsk Wikipedia oppdatert dei eldre artiklane til den gjeldande rettskrivinga. Nettleksikonet vil på denne måten vera eit nyttig verktøy også for å læra seg den nye rettskrivinga. Nynorsk Wikipedia markerer dessutan språkåret med å lenkje til eit nytt språk på framsida kvar dag i 2013.

Sidan skipinga i juli 2004, har Nynorsk Wikipedia vakse seg til ein velbrukt nynorsk nettstad som driv allmennopplysing. Oppslagsverket er dermed i ferd med å oppfylla Soria Moria-lovnaden frå 2005 om eit nynorsk nettleksikon, berre takk vere frivillige bidrag og gåver.

– Når nynorsk Wikipedia no rundar 100 000 artiklar viser det vitaliteten i det nynorske språket og at dugnaden enno står sterkt i Noreg. Vi stiller oss i rekka av gratulantar, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Treng fleire fagfolk

Nynorsk Wikipedia meiner dei for det meste held god kvalitet, og sier dei har ei rekkje fagpersonar som skriv artiklar.

– Nynorsk Wikipedia er truleg det beste verket om meteorologi og jordbruksmaskiner på norsk. Det er likevel mykje som gjenstår før Nynorsk Wikipedia kan nå opp til dei krava lesarane set. Til dømes bør helsefagleg personell kvalitetssikre artiklar på nettleksikonet sidan nokre av dei mest lesne artiklane er relatert til anatomi og sjukdomar, heiter det i pressemeldinga.

Wikimedia Noreg er ein organisasjon som støttar Wikipedia-arbeid i Noreg. I desse dagar er dei i ferd med å tilsetje to medarbeidarar, med støtte frå Wikimedia Fundation i USA. Dette vil på sikt gjere organisasjonen i stand til å utføre prosjekt for å betre kvaliteten på nettleksikonet.

Nynorsk Wikipedia vurderer også å be om løyvingar frå styresmaktene i Noreg for å gjennomføre slike prosjekt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...