Heim Nyhende Første vinnar i twitter-tevling

Første vinnar i twitter-tevling

Vinnaren av første runde av Twitter-tevlinga ‘Nynorsk i 140’ er kåra. Stig Hjelmeland vann med ei tidsreise til 60-talet på 140 teikn. 

– Med så mange gode bidrag, hadde eg ikkje venta noko slikt, seier Hjelmeland sjølv.

Novella han sendte inn nådde heilt til topps blant dei nærare 550 bidraga som kom inn til tevlinga. Tema denne gongen var «vår», men elles stod deltakarane fritt til å dikte etter lyst og evne. Det kom inn veldig mange gode bidrag og juryen hadde ei særs vanskeleg oppgåve. Meldinga til Hjelmeland var ei av dei som utmerka seg. Her er ho:

«Geronimo vaknar. Tøyfotballsko. Turr mark. Tommahåkken frå i fjor vår. Hamrebygdarar mot nabbenesarar. Berre vent til det mørknar.»

Stig Hjelmeland forklarar:

– Det er ei tidsreise til eigen barndom – på tidleg 60-tal. Tøyfotballsko var fyrste ordet som måtte med. Dét var vår det! Hamrebygdarar og nabbenesarar var indianarar frå kvart sitt bygdelag i Selje i Nordfjord, Sogn og Fjordane, der eg vaks opp. Då meldinga var ferdig skriven, kjende eg at den var rett. Eg var 10 år igjen.

I tillegg til heider og ære, er premien ei fritt vald bok frå katalogen til Det Norske Samlaget. Vinnaren, som no er busett i Bergen, fekk òg gratulasjonar av andre twitter-kolleger då sigeren var eit faktum. 

– For meg har Twitter vore ein døropnar til tankar og innspel eg elles ikkje ville fått. Så mykje flinke og ulike folk som deler tankar, humor og kjelder. I byrjinga sat eg mest på tribuna, men etter kvart har eg kome med eigne meldingar og hatt gode dialogar. 

Hjelmeland har vore aktiv på Twitter eit års tid, men dette er aller første gongen han prøver seg på ei twitternovelle. Det blir kanskje ikkje siste gongen:

– Eg kjende med ein gong tevlinga kom opp, at her kan eg skrive utan at det verkar unaturleg eller påtrengande. Trur det kan bli nokre fleire no …

Sjølv har han følgjande råd til andre som vil skrive ei god novelle på 140 teikn:

– Sett punktum ofte.

– Ikkje skriv dikt.

– Skriv 3, kast 2 av dei.

Twittertevlinga blir arrangert av Deichmanske bibliotek i Oslo i samband med Språkåret 2013, og skal gå eit heilt år med seks rundar. Tevlinga er open for alle. Alt ein treng å gjere er å oppretta ein Twitter-konto, skrive ei twitter-melding som inneheld emneknaggen #nynov og halde seg til det utvalde tema. Meldingane kjem opp som ein twitterstraum på skjermar i avdelingane til Deichmanske bibliotek på Grünerløkka, Bøler og Hovudbiblioteket. Andre bibliotek i Noreg er velkomne til å henge seg på når andre runde av tevlinga tek til. I juryen sit fleire aktive twitrarar, mellom anna forfattarane Kristine Tofte og Vidar Kvalshaug, og Per Roger Sandvik, som òg er tilsett ved biblioteket. Dei gler seg til å lese noveller i kortformat eit heilt år:

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...