Heim Nyhende Nordstoga til landsmøtet i Noregs Mållag

Nordstoga til landsmøtet i Noregs Mållag

Noregs Mållag har landsmøte frå fredag 19.- sundag 21. april i Ørsta på Sunnmøre.

Her skal dei 150 utsendingane juble for ny medlemsrekord, feire Språkåret og markere at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Landsmøtet vil også drøfte utfordringane for nynorsken, og framlegget til endringar i norskfaget.

Noregs Mållag har auka medlemstalet med om lag 10 %. I 2012 vart det verva 2027 nye medlemer og medlemstalet er totalt 12 256 betalande medlemer, ein auke på 1 826 medlemer frå 2011. Dette er det høgste medlemstalet sidan 1992.

Noregs Mållag er òg opptekne av språklege utfordringar andre stader i verda. Vigdis Finnbogadóttir kjem til landsmøtet. Den tidlegare presidenten på Island, no Goodwill Ambassador for Languages i Unesco vil snakka om Utfordringar for språkleg og kulturelt mangfald i verda. Det skjer klokka 16.00 på fredag.

Det vert delt ut fleire prisar på landsmøtet. Nynorsk barnelitteraturpris, Nynorsk litteraturpris, Målprisen og Nynorsk næringslivspris vert delte ut. På laurdagskvelden kjem Aasmund Nordstoga og syng songar av Aasmund Olavsson Vinje.

Håvard B. Øvregård går av som leiar i Noregs Mållag etter fire år. Marit Aakre Tennø, som bur i Luster i Sogn og Fjordane og kjem frå Brattvågen på Sunnmøre, er innstilt som ny leiar. Resten av innstillinga ser slik ut: Sigbjørn Hjelmbrekke, ny nestleiar (Bø i Telemark), Janne Nygård, attval (Oslo/Jølster), Terje Kjøde attval (Ørsta), Sveinung Rotevatn, ikkje på val (Oslo/Eid) og Helga Hjetland, ikkje på val (Kyrkjebø).

Framlegg til varaliste ser slik ut: 1. vara, Ingrid Fiskaa (bur i Oslo og kjem frå Bryne i Rogaland), lektor på Hellerud vgs, sentralstyremedlem i SV og tidlegare statssekretær, 2. vara Solgunn Liestøl, attval (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad, attval (Lista) og Magne Heide, ny (Harstad). Valet er sundag føremiddag.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...