Heim Nyhende Vil få fleire kvinner i kommunestyra

Vil få fleire kvinner i kommunestyra

 

Etter sist kommunestyreval fekk 72 kommunar mindre enn 30 prosent kvinner i kommunestyra. Det vil regjeringa gjere noko med. 

 

Desse 72 kommunane blir no inviterte til å delta i prosjektet Lokalvaldagen. Gjennom prosjektet får kommunen tilbod om ein gjennomgang av kjønnsbalansen i dei lokalpolitiske organa sin og dei vil få besøk av ein forskar som vil forklara kvifor nominasjonprosessane, stemmetillegg og topplass på listene er så viktige for å oppnå kjønnsbalanse. Vidare skal dei få besøk av ein lokalpolitikar frå ein kommune som har hatt tilsvarande utfordringar før, men som har greidd å oppnå kjønnsbalanse i løpet av berre ein valperiode etter å ha vore med i prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. 

– Det er meir enn hundre år sidan kvinner fekk stemmerett, og rett til å erobre kommunale verv på lik linje med menn. Likevel er kjønnssamansetjinga i norske kommunestyre skeiv. Ved hjelp av Lokalvaldagen håper me å gjere eit historisk byks når det gjeld kvinnedelen i kommunestyra etter neste lokalval, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) om prosjektet som vil bli gjennomført i god tid før nominasjonsprosessane startar opp lokalt. 

Førre artikkelNytt liv i Folkets hus
Neste artikkelKlart for landsting

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...