Heim Nyhende Klart for landsting

Klart for landsting

 

I kveld byrjar landstinget til LNK. Det blir paneldebattar, prisutdeling, drypp frå kommune-Noreg, språklege fråspark og rikeleg med kultur.

Kulturkvelden i kveld blir ei god oppvarming til dei to fagdagane som følgjer i morgon og torsdag. Per Inge Torkelsen skal leie kulturkvelden i Voss kulturhus, og der får du også treffe Sigrid Moldestad, Twang Gang, Arne Anderdal og Olav Undeland.

Jan H. Landro skal leie debatten mellom kreftene frå media på onsdag, medan torsdagens paneldebatt vil handle om det norske språket etter Språkåret.

Landstinget får eller besøk av Helge Andre Njåstad (Frp), ordførar i Austevoll, som vart kåra til Årets kommuneprofil i Kommunal Rapport i vinter.

Det nye norskfaget blir sjølvsagt eit tema, og det er det førsteamanuensis ved Høgskolen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland, som vil ta for seg.

Teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane teater kjem også. Lyngstad er fast spaltist her på LNK.no, og han vil snakke om nynorsk på teaterscena.

Som alltid blir det utdelt språkpris for god offentleg målbruk. Kven som får prisen får du vite på torsdag morgon, då Kari Traa kjem for å gje han til ein verdig vinnar.  

Les også: Deler ut pris for god offentleg målbruk

I løpet av desse dagane skal LNK også ha årsmøte. Styreleiar Astrid Myran Aarvik gjer seg etter denne perioden, og ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, er innstilt som ny leiar.

Les også: Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK

Du kan følgje landstinget til LNK her på LNK.no, på Facebook og på Twitter. I LNK-avisa som kjem neste veke blir det også fyldig dekning frå landstinget.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...