Heim Nyhende Hulda Garborg-stipendet til Frank Kjosås

Hulda Garborg-stipendet til Frank Kjosås

Skodespelar Frank Kjosås (32), sist sett som Fred i Halvbroren på NRK, har fått Hulda Garborg-stipendet for 2013.

Stipendet vart delt ut under årsmøtet i Samlaget torsdag kveld, og er på 10.000 kroner. Det vert delt ut annakvart år til skodespelarar som spelar på nynorsk.

– I hundre år har dei mange glimrande skodespelarane på Det Norske ved intelligent språkrøkt medvete bygd bru mellom bokmålsfolket og tilhengarane av nynorsken. Denne stolte tradisjonen fører årets vinnar vidare. Han er nynorskmann heilt ut (…) og er i dag ein sann riddar for målsaka, skriv juryen i grunngjevinga si.

Kjosås har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2006, og blant rollene hans trekte juryen særleg fram Judas Iskariot i musikalen «Jesus Christ Superstar» (2009) og den «saktmodige og tenksame Jesus» i maratonoppsetjinga av «Bibelen» i år.

Kjosås er fødd og oppvaksen i Øystese i Hardanger.

Blant dei tidlegare mottakarane er Svein Erik Brodal (2011), Hildegunn Riise (2009), Sverre Bentzen (2007) og Heidi Gjermundsen (2005) (NPK).

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...