Heim Nyhende Mediemålpris til Håkon Haugsbø

Mediemålpris til Håkon Haugsbø

 

NRK-journalist Håkon Haugsbø får Alf Helleviks mediemålpris for ein konsekvent, stringent og presis bruk av nynorsk.

 

Prismottakar Håkon Haugsbø frå Førde har vore journalist og programleiar i NRK Brennpunkt i ti år.

 

– Håkon Haugsbø har i årevis vore ein av dei yngre klare nynorskprofilane i etermedia. Språket hans er konsekvent og stringent, og representerer eit svært godt nynorsk, heiter det i grunngjevinga. 

 

Juryen viser også til at Haugsbø er ein av gravejournalistikkens faneberarar og har i fleire år leia den norske SKUP-rørsla. Det er ein journalistisk sjanger som set store krav også til språkleg presisjon.

– Håkon Haugsbø meistrar denne språklege presisjonen og syner fram nynorsken i aktiv bruk til ein gravejournalistikk der det er svært langt mellom dei nynorske røystene. Håkon Haugsbø viser med si klare uttrykksform at nynorsk er eit presist og aktivt språk som egnar seg til stoffområde der kvart ord skal kunna gåast etter i saumane, skriv dei. 

 

Prisen er på 10 000 kroner og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. I juryen sit Ingvild Bryn, Harald Stanghelle og Magni Hjertenes Flyum.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...