Heim Nyhende Sender bekymringsmelding til kunnskapsministeren

Sender bekymringsmelding til kunnskapsministeren

– Utdanningsdirektoratet sitt framlegg til ny læreplan i norskfaget bryt til dels med norsk språkpolitikk, åtvarar Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Språkrådet meiner redusert sidemålsopplæring vil svekke nynorskkompetansen i samfunnet og gjere det tyngre å vere nynorskbrukar, og no har dei sendt ei bekymringsmelding til kunnskapsminister Kristin Halvorsen. I brevet «Bekymringsmelding om foreslåtte læreplaner i norskfaget» peiker dei mellom anna på at framlegget til ny læreplan har ordningar som går imot den språkpolitikken Stortinget har stilt seg bak.

Reduserer nynorskkompetansen i samfunnet

Framlegget svekkjer opplæringa i nynorsk og legg opp til ei minimumsløysing for prøving av sidemål, skriv styreleiar Ottar Grepstad og dirketør Arnfinn Muruvik Vonen i brevet.

– Med redusert sidemålsopplæring vil den samla nynorskkompetansen i samfunnet minke. Då blir det tyngre for ein nynorskelev å ta med seg språket sitt til skriftleg samarbeid med andre i studie- og arbeidsliv, seier Vonen.

Ikkje i tråd med Stortingets vilje 

Stortinget har slått fast at bokmål og nynorsk skal vere likestilte, og at nynorsk må styrkjast for å gjere likestillinga meir reell. Kunnskapsministeren har fleire gongar sagt at nynorsk skal styrkjast, og at situasjonen for elevane med nynorsk som hovudmål skal betrast.

– Framlegget til ny læreplan manglar tiltak for å styrkje nynorsk og stillinga til nynorskelevane. Sidestillinga av målformene som finst i læreplanen i dag, blir svekka eller fjerna på fleire punkt. Framlegget er ikkje i tråd med verken Stortinget si vilje eller uttalar frå statsrådens, seier Arnfinn Muruvik Vonen.

Språkrådet meiner ein ny læreplan burde styrke opplæringa i båe målformer, til dømes ved å byrje tidlegare med skriftleg sidemålsopplæring.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...