Venstre-leiar Trine Skei Grande skal opne Dei nynorske festspela.
– Grande er ein av få rikspolitikarar som med stort truverde snakkar om språkpolitikk, og me er svært glade for at ho kjem til Festspela, seier programansvarleg Karine Munch.
Under opningshøgtida introduserer Kjartan Fløgstad festspeldiktarane Sigrid og Guri Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen som alle har med seg nyskrivne tekstar. Kjartan Fløgstad var også den aller første festspeldiktaren i 1994.
Det blir også utdeling av prisen Årets nynorskbrukar 2013 til Gunnar Skirbekk.
Dei nynorske festspela er eit av sju basisarrangement i Språkåret 2013. Sidan norsk teiknspråk er ein del av det språklege mangfaldet blir opningshøgtida dette året tolka av døvetolkar.