– Vi er ein ung og vital 100-åring, seier konsernsjef Hans-Jul Mikkelsen i Bøndenes Hus AS.
– Bøndenes Hus er eit unikt hus, med ein aktivitet og ei historie få kan måle seg med. Dette er eit av dei største kompetansesentra innan bunadstilverking i landet, vi har Oslos best belagte hotell, og vi tek vare på norske mattradisjonar. Vi har aldri skifta namn, og Bondeungdomslaget i Oslo har alltid vore eigaren vår, held Mikkelsen fram.
For å markere jubileet arrangerer hotellet gatefest 8. juni, og dei har fått ordførar i Oslo kommune, Fabian Stang til å opne gatefesten. I tillegg blir det barneaktivitetar, veteranbilutstilling, danseoppvisning, bunadscatwalk, folkedanskurs og hallingkurs for barn og vaksne. Historikar Alfred Fidjestøl vil fortelje om teaterslaget då Det Norske Teatret opna i Teatersalen i Bøndenes Hus i 1913. Her kjem også blant andre Valkyrien Allstars, Aasmund Nordstoga med band og det blir barneunderhaldning med Kattene på Grønland. Idrottslaget, Teaterlaget, Songlaget, Leikarringen og Barnelaget i BUL er også med.
Bøndenes Hus får Olavsrosa
Under 100-årsjubiléet 8. juni får Bøndenes Hus AS tildelt Olavsrosa frå Norsk Kulturarv. Fylkesmann Valgjerd Svarstad Haugland vil vere til stades.
– Bøndenes Hus med Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husflid og Bondeungdomslaget i Oslo blir tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for god ivaretaking av ein bygard med høg arkitektonisk verdi og for eit framifrå kulturinnhald i drift og verksemd, heiter det i grunngjevinga.
Kvalitetsmerket Olavsrosa blir tildelt stader av høg kvalitet som har grunnlag i den norske kulturarven og som er ope for publikum. Det blir lagt vekt på at det ligg interessant og verdifull kulturhistorie til grunn for tilbodet. Tildelinga vil skje under 100-årsjubiléet 8. juni 2013.
– Legendarisk hotell
Hotell Bondeheimen i Oslo er saman med mellom andre Kaffistova og Heimen Husflid, dotterselskap av Bøndenes Hus. Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei no ligg i Rosenkrantz’ gate 8, vart grunnlagt i 1913. Alle romma på hotellet er tileigna ein forfattar eller kulturperson og hotellet har mange stamgjestar frå kultur- og samfunnsliv.
– Bondeheimen har vore ein tilhaldsstad for alle slags folk gjennom hundre år. Det skal vi også vere i framtida. Vi er stolte av at vi framleis er eit sjølvstendig hotell, der historia sit i veggane, og overskotet går til kultur-og idrettsaktivitetar, seier hotelldirektør Nina Baroudi.
Arthur Buchardt uttalte til og med at Hotell Bondeheimen i Oslo er eit av landets mest legendariske hotell.
– Bondeheimen har det som skal til for å bli kalla legendarisk. Det har veldig god beliggeneheit, god mat, hyggelege tilsette og ein bygning der historia sit i veggane, uttalte Buchardt til Adresseavisen.