Nynorsk er som ei kvinne: bevisst og beskjeden. Bokmål er ein mann: ubevisst og brautande. Målformer og kjønn nærmar seg kvarandre, men nynorsk og kvinner treng stadig hjelp, sjølv om dei er listige, skriv Helene Uri.
– Bokmål er ein mann. Tidvis brautande, men mesteparten av tida tenkjer han ikkje over at han har mest makt; han berre oppfører seg, med den største sjølvfølge, som om han har det. Nynorsk må vere ei kvinne. Ho påpeikar at ho er like mykje verdt, at det er mykje som er urettferdig, at bokmål er så dominerande. Bokmål gidd ikke alltid å høyre etter når ho set i gang med å bable og krevje. Men når det gjeld bevilgningar til ordbøker, er nynorsk ingen beskjeden, undertrykka kvinne, skriv Uri i Aftenposten.
– Men det er gode vilkår for kvinner og minoritetsspråk i Noreg. Det er mykje verre mange andre stadar i verda. Både kvinnerørsla og målrørsla har ei påpasseleg vaktbikkje ved navn Ottar, held ho fram og viser til at både kjønna og målformene er nærmare kvarandre no enn nokon gong før.