Heim Nyhende Vil ha karakter i sidemål

Vil ha karakter i sidemål

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vil framleis ha karakter i sidemål. Dermed er nynorsken redda, meiner mange. 

 

 

Departementet kunngjorde i dag at ordninga blir som før, og at det framleis vert både standpunktkarakter og eksamen i sidemål det siste året på ungdomsskulen og på vidaregåande skule, skriv NRK Hordaland. 

– Vi beheld systemet slik det er i dag. Vi held fram dagens eksamensordning og med tre standpunktkarakterar i norsk: munnleg og skriftleg i hovudmål og sidemål, seier kunnskapsministeren til NRK. 

Ministeren meiner norske skuleelevar må bevise at dei meistrar både nynorsk og bokmål.

– Det gjer me fordi vi meiner det er viktig at levane må visa kva dei kan, både i hovudmål og sidemål, når dei går ut av 10. klasse og ut av vidaregåande, slår Halvorsen fast. 

Vedtaket haustar ros i nynorsk-verda. 

– Mållags-SV har definitivt vunne fram. Det betyr at samstillinga av nynorsk og bokmål frå Stortinget i 1885 faktisk vert ståande fast. Halvorsen har heldigvis høyrt på oss, seier Oddny Miljeteig som er aktiv i både mållaget og SV til NRK.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...