Heim Nyhende Meir nynorsk på Startsida

Meir nynorsk på Startsida

 

Portalen opnar no for direkte søk i fleire nynorske oppslagsverk og lenkar til endå fleire nynorske lokalaviser.

Endringane på Startsida.no er blant dei største som er skjedd sidan starten i 2005. Startsida.no-brukarane får no lettare tilgang til fleire nynorske lokalaviser på framsida av Startsida.no – i tillegg til fleire nyhende frå Framtida.no og anna nynorsk innhald.

Brukarane av både Startsida.no og bokmålsversjonen Startsiden.no får no høve til å søkja direkte i nynorsk Wikipedia og Allkunne.no. Dermed blir desse nynorske oppslagsverka lettare tilgjengelege frå Noregs største portal med til saman kring 600.000 daglege brukarar.

– Det er veldig kjekt å få på plass desse endringane i Språkåret, seier Svein Olav B. Langåker, innhaldsansvarleg for nynorsksatsingane til ABC Startsiden; Startsida.no og Framtida.no. Frå før er det mogleg å søkja i den nynorske ordboka gjennom Startsida.no og Startsiden.no.

Målet til Startsida.no er å vera eit lokomotiv for nynorsk på internett. Den 17. mai 2005 lanserte ABC Startsiden.no, i samarbeid med Noregs Mållag den nynorske tvillingportal til den opphavlege bokmålsportalen. Hausten 2010 starta ABC Startsiden den nynorske nettavisa Framtida.no i samarbeid med blant anna Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Landslaget for lokalaviser.

På Startsida.no får brukarane siste nytt frå både Framtida.no og ABC Nyheter, tv-program, videoar, redaksjonelt vurderte lenkjer til godt innhald og høve til å søkja i ei rad søkjemotorar.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...