Heim Nyhende Ruth Lillegraven er ute på språkstafett

Ruth Lillegraven er ute på språkstafett

Språkåret 2013 sin språkstafett er klar for Ulvik og Hauge-senteret. Dei som kjem med stafettpinnen er forfattar Ruth Lillegraven og BT-journalist Kjersti Mjør.

Fredag 6. september kjem forfattar Ruth Lillegraven til Den Grøne Kafé for å lesa frå si nye diktsamling Urd. Med seg har ho også  journalist Kjersti Mjør i BT.

Ruth Lillegraven frå Granvin debuterte som forfattar i 2005  med diktsamlinga Store stygge dikt, som ifølgje forlaget Tiden er «ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august – desember 2004». Litteraturmeldarane Tom Egil Hverven og Lisa Kristin Strindberg skreiv i si melding på nrk.no at dikta slett ikkje var stygge, men heller uvanleg velskrivne. Mellom debutboka og den nye diktboka «Urd» har Lillegraven gjeve ut tre barnebøker og ein roman – «Mellom oss» – som også fekk gode meldingar.

Med «Urd» er Lillegraven tilbake på poesisporet. Ramma for dikta er eit gardstun på vestlandet og to kvinner, Seselja og Cecilie, som bur på garden i kvar sin ende av det 20. hundreåret. I Morgenbladet si melding skildrar forfattar (og kritikar) Cornelius Jakhelln boka som eit lite meisterverk. Sindre Ekrheim i BT likar også det han les i «Urd»: «For trass i dei dystre utsynene, er det ei oppdrift og eit løft i dikta. Truleg heng det saman med korleis poeten gestaltar ulike røyster i eit finstemt sanseleg språk.»

Kjersti Mjør frå Kvanndal har bakgrunn som kultur- og nyhendejournalist i NRK og Bergens Tidende, der ho er tilsett per i dag. Mjør har motteke NTB sin språkpris og J. W. Eides journalistpris.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret, Ulvik Mållag og Språkåret. Det inngår i arrangementsrekka  Språkstafetten som er ei arrangementsrekke som går landet rundt i løpet av Språkåret 2013. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...