Are Kalvø kjem til Nynorske litteraturdagar i Aurland for å vise fram den nye grunnlova han har laga saman med folket.
Kalvø er ein av mange som kjem til Nynorske litteraturdagar i Aurland første helga i november. I dag vart det varierte programmet lagt fram.
Her kan ein blant andre møte forfattardebutantane Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland i samtale med Olaug Nilssen, ein kan også vere med på boklansering av Destillert tyleskap saman med forfattar Jens Brekke og visesongar Ola Bremnes.
Leiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk, leiar arrangementet: Det fleirspråklege Noreg: Kaos eller identitet? Barne – og ungdomsforfattar Linn T. Sunne skriv ofte om alvorlege og vanskelege tema. I samtale med Øystein Vidnes fortel ho kvifor.
Og forfattar Kristian Bjørkelo i samtale med Heidi Hattestein stiller spørsmålet: det skal vere lov å ville endre verda, men når går ein for langt?
– Nynorske litteraturdagar er ein liten og intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar. Litteratur, språk, musikk, kunst og humor utgjer eit årleg kulturarrangement som me er svært stolte av å vera vertskap for, skriv arrangøren på eigne nettsider.
Arrangøren lovar at både Språkåret 2013 og 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fylke set preg på arrangementet.
Det er Aurland kommune som står bak Nynorske litteraturdagar. Det heile starta med at tidlegare ordførar, Olav J. Ellingsen, tok til å dela ut nynorske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Seinare kom “Song for livet”, ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeida barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her fekk ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei skulle lesa og analysera nynorsk samtidslitteratur. Nynorske litteraturdagar er ei vidareutviklinga av desse tiltaka.