Heim Nyhende Ørsta årets nynorskkommune 2013

Ørsta årets nynorskkommune 2013

– Eg vil gratulere Ørsta med prisen som årets nynorskkommune 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 

– Kva passar vel betre enn at heimkommunen til Ivar Aasen får ein slik pris i det året der vi markerer at det er 200 år sidan målpioneren blei fødd, seier Navarsete.

 Ørsta får prisen for ei brei satsing for å fremje bruken av nynorsk. – Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og oppfølging i det daglege arbeidet, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

 – Eg håpar nynorskprisen kan bidra til å utvikle nynorsk som eit godt språk i offentleg forvaltning. Stadig fleire kommunar arbeider no med å gjere språket dei nyttar klarare. I det arbeidet er det viktig å hugse at god nynorsk også er klart språk, seier Navarsete.

Prisen er på 100.000 kroner og eit bilete. Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord , Fjell og Sogn og Fjordane.

I juryen for nynorskprisen sit: Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar, Nina Teigland, Språkrådet.
Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal, Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser og Christine Hjortland, Kommunal- og regionaldepartementet

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...