Heim Nyhende Meiner kommunen burde vore språknøytral

Meiner kommunen burde vore språknøytral

Formannskapet i Tysvær kommune gjekk nyleg inn for å halde på nynorsk som hovudmål. Ordførar Harald Stakkestad (H) trur kampen kan bli vel så hard i kommunestyret.

Med fem mot fire stemmer fekk Tone Kringeland (SP) fleirtal for sitt framlegg i spørsmålet om å gjere språkmålet valfritt i Tysvær kommune. Også sist saka var oppe – i 2005, fekk Kringeland gjennomslag for sitt framlegg, skriv Tysvær Bygdeblad. 

I vedtaket som blei gjort på tysdag heiter det at «målforma i Tysvær skal vere nynorsk. Kommunestyret stiller seg nøytralt til kva målform som blir nytta i dagleg korrespondanse. Kommunestyret rår til at ein i størst mogleg grad nyttar nynorsk i saksutgreiingar m.m. Ved informasjon t.d. internettsider, skjema og liknande skal nynorsk nyttast».

Ordførar Harald A. Stakkestad er ein av dei som gjerne skulle sett at kommunen vart språknøytral.

– 60 prosent av borna i skulen her har bokmål som hovudmål, og sjølv har eg aldri hatt nynorsk, eg skulle gjerne sett at dei tilsette i kommunen fekk skrive den målforma dei sjølve ynskjer, seier han til lnk.no

Han spår likevel ein jamn omkamp i kommunestyret førstkomande tysdag.

– Me såg at lokalavisa her fekk ein oppgang då dei la om språket sitt, mykje på grunn av at det var vanskeleg å finne journalistar som ynskte å skrive nynorsk. Eg trur rekrutteringa i den kommunale administrasjonen også kan bli lettare dersom me blir språknøytrale.

– Me kan ikkje berre halde på nynorsken for å halde på den, språket må også vere i utvikling, slår ordføraren fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...