Heim Nyhende Agnes Ravatn blir festspeldiktar

Agnes Ravatn blir festspeldiktar

Forfattar Agnes Ravatn blir festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2014. –  Veldig upassande, seier Ravatn sjølv, som meiner ho har hatt ein lett karriere.

 

Det var stor semje i festspelkomiteen ved Aasen-tunet om Agnes Ravatn frå Ølen som festspeldiktar for 2014. Men reaksjonen til den 30 år gamle forfattaren då ho fekk telefonen frå programansvarleg Karine Munch ved Aasen-tunet var «neeeei!».

Toppen av kransekaka
–  Eg har hatt litt tid til å fordøya det no. Eg synest det er veldig upassande, er den overraskande kommentaren frå Ravatn om kva ho synest om det ærefulle oppdraget.

–  Eg har hatt det ganske lett i karrieren. Det har skjedd mykje bra. Dette er toppen av kransekaka. Det er vanskeleg å sjå at eg har fortent det. Men det er veldig inspirerande og kjekt, legg ho til.

Ravatn synest det er fint at ho får æra av å vera festspeldiktar så tidleg i forfattarskapen.

–  Eg veit at unge festspeldiktarar tidlegare har hatt stort utbytte av det. Det er veldig fint å få ei sånn anerkjenning. Forfattaryrket er einsamt. Det er heilt klart positivt for den vidare karrieren. Men eg har ei lang liste forfattarar som hadde fortent dette meir, understrekar Ravatn.

Vil skapa mildt ubehag
Programansvarleg Karine Munch fortel at Ravatn blei vald på grunn av at ho er ein svært mangfaldig og engasjert forfattar og skribent, som har skrive både romanar, essays og spaltar. I haust kom romanen «Fugletribunalet».

Temaet for festspela 2014 er språk og makt. Munch meiner det då er veldig bra å ha ei ung kvinne som festspeldiktar.

–  Agnes har språket i si makt, og me er veldig begeistra for den siste boka. Men at ho no blir festspeldiktar er på bakgrunn av heile karrieren, seier Munch.

–  Ho har utmerkt seg gjennom fleire år, men den siste boka er ein heilt ny sjanger. Det viser breidde, legg kommunikasjonsrådgjevar ved Aasen-tunet, Laila Walseth Lid, til.

–  Makt er eit veldig ope tema. Tematikken er evig aktuell, både på makro- og mikronivå. Eg håper me kan opplysa og utforska tematikken på nye og alternative måtar, seier Ravatn, som gler seg til å ta fatt på det ærefulle oppdraget.

Ho vil utfordra makta til dei som «sit på toppen av Aasen-tunet».

–  Dei har vore litt konfliktsky i tidlegare programpostar. Eg vil skapa eit mildt ubehag og ta opp risikable spørsmål, slår Ravatn fast. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...