Heim Nyhende Tysvær blir språknøytral

Tysvær blir språknøytral

Kommunestyret i Tysvær kommune har no gått inn for at kommunen skal bli språknøytral. Ei sak det er delte meiningar om.

– Tysvær Bygdeblad er ei nynorskavis. Me bruker det både som ein del av aviskulturen i kommunen og som eit tydeleg image på ei lokalavis. Men me vil vere slik folket er, og det inneber at nokre av sakene våre kvar veke er på bokmål og at me prøver å oppdatere oss på den nynorsken som folk flest kan forstå og ikkje bli provosert av. Det er også eit tips til Tysvær kommune, skriv lokalavisa på leiarplass. 

Les også: Meiner kommunen burde vore språknøytral

Denne veka vart det klart at kommunestyret med 16 mot 13 røyster gjekk inn for at kommunen skulle bli språknøytral.

– Men det er lett å forstå skeptikarane. Nynorsken er i ferd med å forsvinne frå Tysvær. Me ser det i skulen og me ser det nå altså i det offentlege styringsapparatet. Å frykte at nynorsken er vekke om eit par år, er faktisk ein relevant frykt, held ein fram på leiarplass.

Barnehagesjef i kommunen, Anne Lise Myrvoll, er ein av dei som sjølv er bokmålsbrukar og som no meiner det blir ein enklare kvardag.

– Dette betyr at eg no kan skrive mine planar på bokmål, det er betre enn å bruke tid på å skrive  nynorsk som ikkje blir særleg bra, seier ho og legg vekt på at ho har hatt behov for mykje hjelp for å få nynorsktekstane på plass.

– Har de fått tilbod om kurs i bruk av nynorsk?

– Me har ikkje hatt kurs nei, men eg har absolutt fått den hjelpa eg har hatt behov for. Uansett blir dette enklare, meiner ho.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...