Heim Nyhende Mållaget gratulerer MacDonald's

Mållaget gratulerer MacDonald’s

Kvar haust byter MacDonald’s ut leikene i den populære Happy Meal-menyen sin, og erstattar dei med ei valfri bok. For fyrste gong er det råd å velja ei nynorsk bok, “Pinne, Grisen og vesle vennen” av Lena Anderson. Noko mållagsleiar Marit Aakre Tennø er godt nøgd med.

 

– Det er eit imponerande medvite val av MacDonald’s, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. Å lesa og sjå nynorsk er viktig for alle born. Mange born vil møta nynorsk utan fordommar, og sjå at språket også høyrer heime mellom hamburgar og pommes frites. Slik kan eit hamburgarkjøp kanskje vera med på å bryta ned nokre språklege fordommar. Ikkje minst er “Pinne, grisen og vesle vennen” ei bok som fortener ein mykje større lesekrins enn ho har i dag, seier Tennø.

MacDonald’s lèt ikkje berre kvalitet gå føre språk, men har også gått ut og understreka at dette er eit medvite val som speglar språket til kundane deira.

– Her er det mange føretak som har mykje å læra, seier Tennø.

Boka er å få på MacDonald’s over heile Noreg i ei veke frå i dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...