Heim Nyhende – Uformell samtale på dialekt

– Uformell samtale på dialekt

– I dag kunne Ivar Aasen har surfa på Internett og granska språkleg åtferd. Eg trur Aasen ville ha trykka ”likar” på nyhenda om at ungdom er stolte dialektbrukarar, skriv Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

 

Sosiale medium skil seg frå tradisjonelle massemedium. I sosiale medium er det ingen formell raud penn, ingen lærar som rettar, inga språknorm, inga mållov, men truleg ei mengd usynlege normer, skriv Rotevatn hjå NRK.

Ho viser til at 1,15 milliardar menneske har ein profil på Facebook og at Facebook er no Noregs nest største mediekanal, berre NRK 1 er større. Tal frå TNS Gallup (2012) viser at Ungdom mellom 15 og 29 år brukar ein time på Facebook kvar dag.

– Aktive brukarar av Facebook har truleg lagt merke til at dialektbruken er utbreidd. Ei undersøking gjort av Berit Skog ved NTNU i 2008 viser av åtte av ti femtenåringar skriv dialekt på Facebook. Kvifor er det slik? Truleg er det to hovudårsaker. Den eine årsaka er at skrifta vi produserer på Facebook liknar meir på ein munnleg samtale enn tradisjonell skriftleg kommunikasjon. Vi skriv fort og kort, responderer på andre sine innlegg, likar og deler. Ei statusoppdatering, ei meiningsytring eller ein delt artikkel kan føre til lange digitale dialogar som nærast er i sanntid, eller live om du vil, skriv Rotevatn og held fram:

– Ein sit sjeldan og flikkar på setningar. Det kjem rett frå hjartet, som ein uformell samtale over hagegjerdet.
Verkar spontane og ekte Den andre viktige årsaka er identitet. Facebook er ei redigert røynd. Vi presenterer oss som dei vi er, eller kanskje som dei menneska vi ynskjer å stå fram som.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er utdanna journalist, og redaktør i Allkunne. Ho skriv masteroppgåve om dialekt på Facebook. Rotevatn er styremedlem i NRK.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...