Heim Nyhende Brage-prisar til nynorskbøker

Brage-prisar til nynorskbøker

Folkebiblioteket vart heidra med ærespris under utdelinga av Brageprisane tysdag kveld. To av dei fire bøkene som fekk pris, er skrivne på nynorsk.

 

Det knytte seg på førehand spenning til om Dag Solstad skulle få prisen for slektskrøniken «Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1895», ein roman som har fått svært blanda kritikkar. Men juryen valde ein poet –  Ruth Lillegraven og diktsamlinga «Urd», som er på nynorsk. Dei to andre nominerte titlane i denne klassen var også diktsamlingar.

–  Viktig pilar
Den gjeve æresprisen gjekk overraskande nok ikkje til ein forfattar, ein omsetjar eller eit forlagsmenneske, men til folkebiblioteket.

–  Årets vinnar er ein av våre beste og mest aktive litteraturformidlarar. Vinnaren er omtalt som del av grunnmuren i kulturlivet og ein viktig pilar i eit fungerande demokrati, skriv juryen blant anna i grunngivinga.

Dette er nok ein pris som varma den ferske kulturministeren Thorhild Widvey (H), som var prisutdelar. Då ho la fram endringane i kulturbudsjettet tidlegare denne månaden, var det nettopp med ein lovnad om å satse på folkebiblioteka. Blant anna har den nye regjeringa sett av drygt 12 millionar kroner til å utvikle biblioteka som uavhengige debattarenaer og møteplassar.

Det har berre skjedd éin gong tidlegare at æresprisen ikkje er tildelt ein person. Det skjedde i 2004 då NORLA –  Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet fekk prisen. I fjor gjekk prisen til forfattar Knut Faldbakken.

Tegneserie om Munch
Prisen for beste sakprosa gjekk originalt nok til ei bok i tegneserieform –  Steffen Kvernelands «Munch».

–  I «Munch» fortel Steffen Kverneland på uærbødig vis historia om vår største målar. Kvernelands utgangspunkt er ei rad utvalde sitat frå Edvard Munch og samtidige personar. Desse får han i tale på ein heilt særeigen måte med fortolkande teikningar, som svært ofte legg seg tett opp til Munchs eigne bilete, skriv juryen.

Om Ruth Lillegravens «Urd», som vann den skjønnlitterære prisen, heiter det blant anna at ho «er ei lyrisk-episk diktbok med vidt spenn, langbølga rytmikk og fleirstemt poesi. Gjennom 64 tittellause, nummererte, presise og vâre enkeltdikt organisert i fem delar, skildrar Urd livet og livsinnhaldet til to kvinner med eit hundreår og fleire generasjonar mellom seg».

Brynjulf Jung Tjønn vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok med «Så vakker du er», også den på nynorsk. Prisen i open klasse, som i år var faktabøker for vaksne, gjekk til «Norsk etymologisk ordbok» av Yann de Caprona.

Brageprisene har vore delt ut sidan 1992 av stiftinga Den norske Bokprisen. Prisane har som føremål å heidre gode norske forfattarskap, og skape interesse for norsk litteratur. Prisane vart delt ut under ei festframsyning i Dansens Hus i Oslo. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...