Heim Innspel Kommentar: Nynorsk er ein ressurs

Kommentar: Nynorsk er ein ressurs

I Noreg har vi ei stor mengde av dialektar, to norske skriftsspråk, samisk og mange innvandrarspråk. Er dette eit problem for det norske samfunnet?

 

Sjølv er eg ein nordnesgut frå Bergen. Det er eg stolt over, men eg er heldig, svært heldig. Eg får vera rådmann til ein overmåte spennande nabokommune til Bergen. I Fjell kommune er vi også stolte. Vi er stolte over vår kultur, identitet og språk. Som nynorskkommune merkar vi godt at vi er nabo til Bergen. Vi opplever eit språkleg press både frå engelsk og bokmål. Dette ser eg ikkje på som eit problem, men det er ei utfordring eg gjerne vil ta.

Fjell kommune er ein av 30 nynorskkommunar i Hordaland. I vår vedtok vi ein revisjon av målbruksplanen der det vert slått fast at nynorsk er administrasjonsmål i kommuneadministrasjonen, på tenestestadene og i kommunale selskap i Fjell. Den reviderte planen er oppdatert og tilpassa vår nye elektroniske kvardag. I etterkant av vedtaket brukar vi mykje tid og krefter på å få planen «under huda» til våre 1 500 dyktige medarbeidarar.

Som følgje av at Fjell er ein bynær kommune, har to tre deler av grunnskuleelevane bokmål som sitt hovudmål. Dette er naturleg nok ei utfordring for våre mange dyktige lærarar. Difor må det, som på så mange andre felt, tidleg innsats til. Allereie i barnehagen må barna verta kjende med og bruka nynorske tekstar. Det hjelper lite å koma med dette seint i skuleløpet.

I haust lanserer vi eit opplegg der 16 av songane til trubaduren Johannes Kleppevik er spelt inn instrumentalt. Dette undervisningsopplegget skal brukast frå dei minste i barnehagen til dei eldste ungdomsskuleelevane. På denne måten håpar vi kystkulturen og songane til Kleppevik, som stort sett er på lokal striledialekt, vert ein slager for store og små. I Fjell er vi i full gang med realiseringa av Sotra Kystby, eit urbant prosjekt godt forankra i vår historie og kultur. Eit stort informasjonsmagasin distribuert til 30 tusen husstandar i Bergen vest og nabokommunane vart skrive på nynorsk. Med god samhandling mellom kommune og næringsliv får vi slike ting til. Vi ser fleire teikn på at næringslivet, i større grad enn før, nyttar nynorsk i marknadsføringa.

Nynorsk er det einaste skriftspråket/målforma som byggjer på dei norske dialektane. Vi må ta vare på og bruka den lokale dialekten og dei offisielle stadnamna. Eit obligatorisk sidemål gjev gode språkkunnskapar og gjev vår oppveksande generasjon ei språkleg plattform dei vil få bruk for seinare. Eg er redd for at eit valfritt sidemål vil få negative konsekvensar for nynorsken si stilling i det norske samfunnet. Det gjeld ikkje minst i bynære område som Fjell.

Vi i primærkommunen skal gjera alt for å retta oss etter opplæringslova og mållova. Men også staten må hugsa på at dei har eit stort ansvar for språkutviklinga i Noreg. For tre år sidan gjennomførte vi ei kartlegging av statlege skriv til Fjell kommune. Alle statlege organ, statlege og regionale, skal senda alle skriv til Fjell kommune på nynorsk. Kartlegginga viste at berre 19 prosent av skriva var på nynorsk. Ingen av skriva frå departementa var skrivne på nynorsk

Både stat og kommune må sjå på språket, ikkje minst nynorsk, som ein stor ressurs. Det er ein nær samanheng mellom språk, identitet og kultur. Her er det snakk om ressursar med stor sprengkraft.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...

Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Torsdag 23. mars arrangerer Nynorsksenteret eit gratis nettseminar om korleis ein kan hindra at elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Molde vidaregåande har teke nokre...

Inviterer til å tolke Dolly og Johnny på nynorsk eller dialekt

Dolly Parton og Johnny Cash på nynorsk eller dialekt. No blir ein ny gjendiktingskonkurranse kunngjort. Inspirert av suksessen med å be om slike tolkingar av...

Fleirtal for nynorsk i Telemarkskommune

Etter ei rådgivande folkerøysting i Hjartdal går eit fleirtal inn for å behalde nynorsk som hovudmål på offentleg skule i kommunen. Nynorsk fekk 189 stemmer,...