Heim Nyhende Tønes heidra for «Haua»-dialekten

Tønes heidra for «Haua»-dialekten

Artisten Tønes, eller Frank Tønnesen som han eigentleg heiter, er vinnar av Dialektprisen for 2013. Prisen blir delt ut av Norsk Målungdom.

 

Overrekkinga gjekk føre seg på Det Norske Teatret måndag. Frank Tønnesen kjem frå Hauge i Sokndal kommune i Rogaland. Som Tønes er han lett å kjenne att med ein tydeleg dialektbruk i tekstane sine.

–  Då eg begynte å skrive hadde eg ikkje trudd det skulle gå an å kome seg så mykje utanfor «Haua» med dialekten. Men det har vist seg at det går, sa Frank Tønnesen då han tok imot prisen, og erstatta like godt resten av takketalen med ein song.

–  Naturleg
Tønes har gitt ut fleire album etter debutalbumet «Rett te håves» i 1996. I fjor fekk han to spellemannsprisar for albumet «Sån av Salve».

–  Først og fremst er det gøy å få prisen, eg prøver å ta til meg at dei har sett pris på at eg skriv på dialekt og bruker det i songar. Og det er kjekt å få prisen frå ungdom som er opptekne av språk og dialektar. Eg prøver å ta det til meg. Eg føler det blir teke på alvor, på ein måte, seier Tønnesen etter utdelinga.

På spørsmål om han er og alltid har vore bevisst det å bruke dialekt, svarar han:

–  Eg er kanskje mindre bevisst på det enn folk trur. Då eg begynte å skrive, skreiv eg ikkje på dialekt. Då eg begynte å prøve på det, var det naturleg. Det var lettare å skrive ut det ein tenkte, ein kom litt nærare det ein skriv om. Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg skriv på dialekt lenger, det er berre noko eg gjer, fortel Tønnesen.

–  Godt føredøme
Prisen vart overrekt av leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture. Han viste han til at det er stor toleranse for det språkleg mangfaldet i Noreg, men moglegvis òg eit statushierarki mellom dialektane. Sture meiner statusen til ulike språklege variantar blir større dess meir synlege dei er, og var glad for å gi Dialektprisen til ein som står imot dette hierarkiet.

–  Han har dialekten både som levebrød og varemerke., og syng på ein dialekt som ein elles ikkje høyrer så mykje. Han har sett heimplassen og dialekten sin på kartet, og er eit glimrande førebilete som gjer folk stolte av dialekten sin, sa Sture.

–  Ekte og usminka
Leiaren i målungdomen peikte òg på at Tønes var velkjent i heimfylket lenge før han vart kjent nasjonalt. Mellom anna vart Tønes-songen «Bonde» kåra til beste rogalandslåt av rogalendingane sjølve.

Og sjølv om visesong ikkje nødvendigvis er den sjangeren ein først og fremst knyter til ungdom, meiner Sture den særeigne stilen til Tønes møter gjenklang blant folk i alle aldrar.

 –  Og språket er ekte, usminka, truverdig og verkar sjølvsagt, sa Sture.

Dialektprisen har vorte delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom kvart år sidan 2001. Blant tidlegare prisvinnarar finn ein mellom andre Ravi, Linda Eide og Eli Kari Gjengedal. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...