Heim Nyhende – Ordet «umogleg» finst ikkje på Eid

– Ordet «umogleg» finst ikkje på Eid

Eid kommune er vinnar av Kryssprisen 2013, som er Statsbyggs pris for kulturbasert by og stadutvikling. Eid blir heidra for å tenkje heilskapleg om kultur og stadsutvikling.

 

Prisen vart delt ut på Krysskonferansen i Oslo fredag. Det blir vist til at Eid har fått til ein unik modell for kulturbasert stadutvikling gjennom langsiktig samarbeid, og prisen er meint å heidre heile lokalsamfunnet –  kommune, eldsjeler og den breie dugnadsinnsatsen i kulturlivet.

–  Det er ei anerkjenning av at det er mange eldsjeler som har lagt ned eit stort arbeid over lang tid, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

–  Samarbeid er nøkkelen
I grunngjevinga for prisen blir det peikt på utviklinga som har skjedd i Eid kommune, med musikkskulen på 1980-talet med entusiastiske lærarar og rektor, oppussing av den gamle handelsgata, historiske spel, ein eigen opera og rockefestival blant dei mange døma.

–  Prisvinnaren i år er historia om eit lokalsamfunn som tenkjer heilskapleg om kultur og stadsutvikling, der ordet «umogleg» ikkje finst, og som har vore flinke til å ignorere jantelova. Bak dei imponerande resultata i Eid ligg mobilisering på kryss og tvers, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Alfred Bjørlo synest det er kjekt at det i grunngjevinga for prisen ikkje er lagt vekt på enkeltaktørar, men kva Eidasamfunnet har fått til i lag. Samarbeid er nøkkelen, peiker han på.

–  Stas
Ordføraren i Eid tok imot prisen saman med festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt-Ivar Naustdal, sistnemnde som representant for kulturlivet i Eid.

–  Det er ei anerkjenning av det daglege arbeidet vi gjer og som har gått føre seg over tid. Det er stas at det Eid kommune og private aktørar har fått til blir lagt merke til. Det er veldig kjekt og veldig viktig, seier Naustdal.

–  På Eid er det mange flinke institusjonar og folk. Det er litt derfor ein har fått prisen, at ein har utvikla kulturlivet i ei bra retning.

Ved å samarbeide kan ein dra vekslar på kvarandre, peiker festivalsjefen på.

–  Malakoff samarbeider med kommunen på mange nivå. Det er viktig at innbyggjarane ser at kommunen engasjerer seg i arrangementa og husa ein har, seier Naustdal.

Gründerånd
Bjørlo meiner det er tradisjon for samarbeid mellom dei ulike aktørane i Eid. På siste halvdel av 90-talet vart det oppretta eit samarbeid mellom kommunen og Opera Nordfjord.

 –  Politikarane gjorde eit val om å satse på kultur i det som var tronge tider for Eid, med bortfall av arbeidsplassar. Det var ei avgjerd som har gitt resultat, seier Bjørlo.

Som i andre lokalsamfunn er dugnadsånda sterk i Eid. Dessutan meiner ordføraren det finst ei sunnmørsk gründerånd innan kulturlivet.

 –  Det er lov å satse. Ein har hatt langsiktige planar for kva ein vil og byggjer stein for stein over tid, seier Bjørlo og nemner Opera Nordfjord og Operahuset som døme, og også Malakoff Rockfestival som i si tid starta som ungdomsbedrift.

Bjørlo understrekar at ein heller ikkje skal sjå seg blinde på berre Eid, ein sterk region og lokalsamfunna rundt er viktige for det ein får til.

Trivsel
Om kulturaktiviteten spelar inn på attraktiviteten til kommunen når det gjeld tilflytting, meiner ordføraren er vanskeleg å måle.

–  Det ein kan sjå det på er trivsel blant innbyggjarane og blant born og unge, seier Bjørlo og viser mellom anna til gode resultat innan skule og for ungdomsmiljøet.

–  Vi har samarbeid mellom skule og kultur. Frå dei er små får dei unge vere med i kulturprosjekt, seier Bjørlo.

–  Om to veker skal ungdomsskulen setje opp ein musikal med profesjonell regi på scena i Operahuset. Rammene rundt det ein gjer er fantastiske, seier ordføraren.

Nye planar
I Eid er det no danna eit felles kulturutviklingsselskap, VAKN, der dei store kulturaktørane, handelsstanden og kommunen er med. Ein held òg på å byggje opp eit miljø for dans og ballett, og i desember blir ein nyetablert elektronikafestival arrangert for andre gong, med P3 Gull-nominerte CLMD på scena. Ordføraren stadfestar at dei stadig har nye draumar og planar.

–  Det blir mykje spennande å få med seg på Eid, seier Alfred Bjørlo.

 

Om Kryssprisen

* Kryssprisen blir delt ut av Statsbygg for fjerde gong i år. I år ber prisen namnet May Balkøys minnepris, etter at utviklingsdirektør May Balkøy i Statsbygg gjekk bort tidlegare i år.

* Tidlegare vinnarar av prisen er Skien, Porsgrunn og Stavanger.

* Prisen er eit føredrag av ein av talarane frå Krysskonferansen, valt ut i samarbeid mellom Eid kommune og Krysskonferansen

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...