Heim Nyhende Språkåret 2013 avsluttar med festkveld i Ivar Aasen-tunet

Språkåret 2013 avsluttar med festkveld i Ivar Aasen-tunet

Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn og artistane Moddi og Sigrid Moldestad er alle med på avslutningsfesten for Språkåret fredag 6. desember i Ivar Aasen-tunet.

 

Det blir innslag på og om mange språk, og programmet blir også prega av at Språkåret no går over i Grunnlovsjubileet 2014. Kven som har fått æra av å stå for den offisielle avslutninga, blir først avslørt den kvelden, skriv Aasentunet på sine nettsider.

– Avslutningsfesten «Året som aldri sluttar» viser fram og feirar det språklege mangfaldet i Noreg, seier produsent Jannicke Velsvik i Språkåret 2013.

– Hundrevis av arrangement er gjennomførte over heile landet etter at vi opna i Kristiansand 2. januar. På avslutningsfesten viser vi litt frå alt som har skjedd, og noko ingen har høyrt før. Avslutningsfesten er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Språkåret 2013. Ida Habbestad leier arrangementet, som er ope for alle, og billettar er lagde ut for sal.

Forfattarar og musikarar frå øvste hylla
Brynjulf Jung Tjønn vann nyleg Brageprisen i klassa for barne- og ungdomslitteratur. I romanen Så vakker du er skriv han lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt.

Senjaværingen Moddi gav ut plata Kæm va du i haust, og for første gong syng han på norsk, til svært gode kritikkar. Mangfaldige Sigrid Moldestad er felespelar, songar, skodespelar og slåttekomponist i eitt, og fleire Spelemannprisar, på samvitet. Publikum får mellom anna høyre songar frå eit nytt album som kjem til våren.

Året som aldri sluttar
Språkåret 2013 har engasjert og provosert, kontakt er etablert mellom språkmiljø som har snakka lite saman før, undring skapt og ny kunnskap formidla.

– Språkåret 2013 er året som aldri sluttar. Avslutningsfesten skal vise at språk og språkpolitikk er så viktig at det må gjerast mykje også etter 2013. Difor vonar vi samspelet mellom språk og demokrati blir viktig i Grunnlovsjubileet 2014, avsluttar Velsvik.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...