Heim Nyhende Flytta boksamling til Haugesenteret

Flytta boksamling til Haugesenteret

Meir enn 6000 bøker er flytta frå Olav H. Hauge sin heim og over til Haugesenteret.

 

Bøkene viser kven Olav H. Hauge var, seier dagleg leiar Geir Netland til Hordaland.

– Heile boksamlinga er no flytta. Det er veldig godt nytt for oss og alle involverte, for det har vore arbeidd med dette ein lang periode. Det viktige er at samlinga vert i Ulvik for all framtid, meiner Netland.

Samlinga som sto i huset på Rossvoll omfatta over 6300 eksemplar. Det meste bøker, men òg tidsskrift og avisutklypp, mellom anna.

– Det er ei unik samling, som gjev oss eit veldig viktig mentalt og intellektuelt portrett av Olav H. Hauge. Det viser kva han var oppteken av, og kva slags lesar han var, meiner Netland.

Enkja Bodil Cappelen arva bøkene etter Olav H. Hauge, og selde samlinga til Ulvik herad i 1997. Sjølv om det vart reist spørsmål ved dette, vart det godkjent som eit gyldig sal, opplyser Netland. Heradet gav seinare samlinga vederlagsfritt til Haugestiftinga, som framleis formelt eig samlinga.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...