Jens Stoltenberg meiner den blå-blå regjeringa allereie har levert fleire brot på valløfta, deriblant på nynorsk.
Stoltenberg viser til at Høgre vedtok på sitt landsmøte å avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og på vidaregåande. I handlingsprogrammet til Frp går det også fram at partiet ynskjer å gjere den skriftlege og muntlege sidemålsundervisninga valfri. I regjeringsplattformen slår partia derimot fast at dei skal gjere sidemålsundervisninga meir engasjerande for elevane og forbedre karaktersetjinga.
Professor ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot er lite nøgd med at kritikken kjem så raskt.
– Både tidlegare statsminister Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre har lagt seg på linja med å klage den nye regjeringa for løftebrudd. Det er heilt unødvendig, meiner Aarebrot – og legg til at:
– Det hadde vore meir fornuftig å gjere det etter eit par år, etter at Solberg-regjeringa har lagt fram eit eige statsbudsjett, seier Aarebrot til Nettavisen NA24.