Heim Nyhende Helse Fonna må bli betre i nynorsk

Helse Fonna må bli betre i nynorsk

Helse Fonna sender ut informasjon på bokmål, men lovar bot og betring etter tilsnakk frå Språkrådet. Det skulle berre mangla, skriv Sunnhordland på leiarplass.

 

– Dei fleste kommunane i helseføretaket sitt nedslagsfelt er nynorskkommunar. Blant dei som reagerer er Velaug Byrkjeland, som sjølv jobbar på Stord sjukehus, og som i lang tid har irritert seg på at Helse Fonna sender ut informasjon til alle pasientar på bokmål. Grunnen er at det blei innført eit felles system med bokmålsmalar i helseføretaket. Helse Fonna, som er ein del av Helse Vest, er forplikta til å bruka nynorsk sidan brorparten av kommunane i regionen nyttar nynorsk som målform, skriv Sunnhordland.

Etter fleire interne rundar hamnar saka hjå Språkrådet. Resultatet er at Språkrådet no ventar at Helse Fonna går gjennom rutinene for målbruk for å sikre at reglane blir følgde i framtida.

– Dette er slett ikkje noka ny problemstilling. Me høyrer stadig vekk om offentlege føretak som får seg ein språksmekk. Det er på sin plass. No må også politiet skjerpa seg. Og det er slett ikkje alltid departementa, som skal syta for at lovar og reglar vert haldne, klarar å overhalda mållova. Då kan ein kanskje ikkje forventa at andre klarar det. Våren 2010 sende nynorskkommunen Fjell på Sotra 13 brev til ulike departement. Alle svar var på bokmål, skriv lokalavisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...