Heim Nyhende Blir ressurssenter for kommunesamanslåing

Blir ressurssenter for kommunesamanslåing

Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjett tiltenkt Distriktssenteret rolla som eit ressurssenter for kommunesamanslåing.

 

Direktør for Distriktssenteret, Halvor Holmli, tykkjer det er spennande å bli trekt inn i arbeidet med ein kommunereform.

– I dei fem åra sidan vi starta, har vi bygd omfattande kunnskap om korleis utvikling i kommunane fungerer. Vi kjenner også Kommune-Noreg svært godt. Alt dette er kunnskap som er nyttig når ein kommunereform skal innrettast, seier han til eigne nettsider.

Kartlegg samanslåingar
I første omgang er oppdraget innhenting av erfaringar frå tidlegare kommunesamanslåingar for systematisering og formidling.

– Me er i dialog med eigarane om korleis me skal setje arbeidsoppgåvene framover. I første omgang skal me kartleggje dei sju kommunesamanslåingane som har blitt gjennomførte sidan 2002, for å sjå på erfaringar og konsekvensar, seier Holmli til LNK-avisa.

Han seier at Distriktssenteret no er trekt inn i arbeidet med eit utviklingsprogram som departementet har starta opp for å betre samspelet mellom by og omland og sikre vekst.

Må prioritere
Halvor Holmli er sikker på at Distriktssenteret framleis vil ta del i utviklinga av lokalsamfunn i heile landet.

I budsjettframlegget er det lagt opp til noko mindre løyvingar til Distriktssenteret (3,8 mill kr). Dette er ikkje av eit omfang som har innverknad på bemanninga, men gjer at enkelte oppgåver må omprioriterast.

– Det er klart at med ei strammare ramme kan vi ikkje gjere alt heilt likt. Vi arbeider heile tida med å levere best moglege tenester til kommunane og med å byggje mest mogleg nyttig kunnskap. Det skal vi halde fram med. Statsbudsjettet kjem ikkje med prioritering innafor alle arbeidsområda våre. Prioriteringar er noko vi alltid arbeider med, og det vil vi gjere når vi planlegg aktiviteten vår for neste år, seier Holmli til eigne nettsider.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...