Heim Nyhende Kommune i endring

Kommune i endring

Årdal kommune er i ein endringsfase. Varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) i Årdal kommune ser positivt på den språklege utviklinga.

 

Årdal kommune er særs medviten om å nytte nynorsk. Vi har målvedtak om nynorsk. Tilsette nyttar sjølvsagt nynorsk, og elevane er læringsviljuge og stolte over språket sitt, seier Brandsdal stolt.

Ho viser til at Farnes skule i 2011 vart godkjent som dysleksivenleg skule. I tillegg trekkjer ho fram historia om småbarnsmora Sandra Opheim, som kom på helsestasjonen i Årdal med sin to år gamle son og skulle ta språktest. Ho nekta å gjennomføre språktesten, då han var på bokmål.  

Testen var utforma nasjonalt og sjølvsagt berre på bokmål. Fleire av innbyggarane klaga, og til slutt tok årdølane saka i eigne hender. Sandra engasjerte ressurspersonar innan språk og fekk oversett språktesten til nynorsk. Testen vart godkjent og vert no nytta av dei som ynskjer testen på nynorsk.

Treng fleire bein
Årdal har vore gjennom tøffe omstillingsperiodar, mykje på grunn av Hydro si nedtrapping, der mange har mista jobbane sine. Hollevik Brandsdal meiner kommunen er i ein omstillingsprosess, men ser likevel ikkje mørkt på framtida. Ho meiner derimot kommunen er i endring, frå å vere ein einsarta industrikommune til ein kommune med fleire bein å stå på.

I næringslivet generelt er det positiv utvikling innan næringar som handel og tenesteyting. Etter å ha vore ein industriprega kommune har vi no fått ein medviten næringsstrategi om å utvikle oss innan handel, reiseliv og kultur. Vi er aktive med å skape nye arbeidsplassar, særskilt innan handel og tenesteyting, meiner varaordføraren.

Handel er den nest største bransjen i Årdal. Nyleg opna også eit kjøpesenter med 13 butikkar i bygda . Varaordføraren gler seg over at mange gründerar, særleg kvinner, har satsa her.

– Vi er medvitne om at tenesteyting er ein bransje med mange kvinnelege  kompetansearbeidsplassar og særs viktig for kjønnsbalansen i Årdal. Å utvikle tenesteytande næringar er viktig av fleire årsaker. Dei er med på å auke kompetansenivået i Årdal, er viktige for sysselsetjing og er særskilt naudsynte for at andre bransjar kan utvikle seg. I tillegg er bransjen sentral for å sikre fleire ungdommar arbeid i bygda.

– Vi satsar målretta på å utvikle bygda slik at vi får fleire føter å stå på. Sentrumsområde skal bli familie-, brukar- og turistvenlege med eit meir urbanisert utrykk.

Vegen vidare
Årdal ligg i innfallsporten til Jotunheimen nasjonalpark, gjennom Utladalen og Tindevegen.

Årdølane er blitt meir aktive i å nytte nærområda sjølve, og vi har stor respekt for attraksjonane våre. Vi nyttar dei med respekt for komande generasjonar. Målet er å auke talet på besøkande til attraksjonane våre og at dei samstundes får ei positiv oppleving av bygda, meiner Ap-politikaren.

 Varaordføraren legg ikkje skjul på at kommunen har ein utfordrande kommuneøkonomi, men at dei likevel må levere bra til innbyggarane.

– Vi har gode kommunale tenester. Sjølv med ein utfordrande kommuneøkonomi er vi særs opptekne av at innbyggarane våre framleis skal ha gode kommunale tenester. Kommunen sine viktigaste oppgåver er å legge til rette for nyetableringar, små og store. Vi skal vere ein næringsvenleg kommune. Ei utfordring er at Årdal har 452 innpendlarar til arbeid i bygda. Vi vil at fleire av desse skal busetje seg i Årdal. Vi arbeider for å skape eit attraktivt lokalsamfunn med trivsel for innbyggjarane med ein god og brukarvenleg bustadpolitikk.

Bygda og kommunen er framleis i sorg etter den tragiske hendinga på Valdresekspressen tidlegare i haust, der tre personar vart drepne. Varaordføraren er klar på at kommunen har hatt god dialog med både Justisdepartementet og UDI. No er jobben å kome seg vidare.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...