Heim Nyhende Feirar målrocken

Feirar målrocken

Musikkfestivalen Målrock i Årdal feirar 10-årsjubiluem i år. I botnen ligg målet om å formidle nynorsk og dialekt.

 

Festivalleiar Katrine Clausen Fredheim er glad for at festivalen no kan feire 10 år.

– Eg trur ikkje det var nokon av dei som starta opp dette i 2003 som hadde trudd me skulle stå der me sto i 2013, seier ho.
Stiftinga Målrock vart skipa 18. februar 2003 med føremålet å vera arrangør av ein årleg Målrockfestival i Årdal. Stiftinga skal arbeide for å fremje pop og rock som vert framført på dialekt, nynorsk, norsk og alternativt andre nordiske språk, og er medlem i Norsk Rockforbund.
Landskapet i Årdal, innst i Sognefjorden der natur, kultur og moderne storindustri møtes i ein heilskap, utgjer ei storfelt ramme for Målrock, skriv festivalleiinga på eigne nettsider.

Vil skape aktivitet
– Festivalen har utvikla seg sakte, men sikkert. Det har vore mykje i takt med både publikum og styret på festivalen sine ynskjer. Me er opptekne av å lytte til dei som kjem, og tek med oss innspel heile tida. Mellom anna har blitt meir opptekne av å skape aktivitet på ulike stader rundt i bygda – og for dei fleste aldersgruppene, fortel Fredheim.

På årets program sto blant anna Mari Boine, Vinni og Hellbillies.

–    Vi har mellom anna tatt ein del av festivalen til Utladalen og bygd naturscene der, og brukar mykje meir av ressursane våre no på å framheve det som er spesielt med Årdal og bake dette inn i festivalopplevinga. Det trur eg er bra både for dei som bur i bygda, men og noko som gjer oss sterkare i konkurransen mot dei utallige festivalane som er der ute. Det er stadig viktigare å bygge identitet.

Språket står sterkt
Festivalleiaren legg vekt på at språkprofilen er viktig.

– Nynorsk- og språkprofilen var jo grunnen til at festivalen blei starta, så det kan vi ikkje snike oss unna. På bookingprofilen prøver vi å ha eit fokus på eige mål og dialekter, men det er ikkje fullt så farleg om det er norsk, svensk, dansk og så vidare lenger. Det er avgrensa kva artistar ein kan booke som både trekk publikum til festivalen og ivaretek ein språkprofil, så der møter vi utfordringar kvart år, særleg på dei store namna. For meg personleg er språkprofilen veldig viktig, mellom anna på bakgrunn av tanken om identitet, og vi held oss til nynorsk i all kommunikasjon – både i pressemeldingar, dialog med andre og på nett. Alternativet er engelsk for dei som ikkje forstår norsk.

– Korleis står nynorsken i Årdal ?  

– I Årdal opplever eg at nynorsken er ganske sterk – dei fleste skriv nynorsk og føler seg komfortable med det. Eg er ein av dei som enno er absolutt tryggast med å ha nynorsk som hovudmål, og tykkjer det er viktig å få lov å skrive nynorsk så lenge eg ynskjer det.
Om målet for festivalen heile tida har vore å setje søkjelyset på mål og dialekt i musikk, har festivalen dei seinare åra i like stor grad arbeidd for å vere eit naturleg samlingspunkt for heile regionen.

– Vi jobbar akkurat no mest med å forbetre dei elementa vi allereie har, vi føler vi har ei god form på festivalen som omfattar både store og små og gjer eit godt tilbod. Det er krevjande å drive ein så stor festival på dugnad slik vi gjer, og det sett sine naturlege avgrensingar i kor mykje utvikling vi kan oppnå. Vi har uansett veldig trua på dette å ta festivalen ut i heile bygda, skape lokalt engasjement og å arrangere noko for alle aldrar. Det er alltid ting å strekke seg etter, slår Fredheim fast.

Profilerer Årdal
– Målgruppa vår er først og fremst musikk- og festivalglade folk frå regionen og sjølvsagt heile landet, men vi har og ei gruppe med stamgjester som kjem tilbake år etter år etter å ha besøkt festivalen.

– Kva betyr festivalen for kommunen?

– Festivalen meiner eg betyr svært mykje for Årdal. Utflytte årdøler brukar dette som ei helg der dei reiser heim og gjerne tek med seg vener og ny familie og viser fram bygda, eg meiner festivalen er ein veldig sentral aktør som bidreg til å profilere Årdal som bygd på ein positiv måte. I tillegg skapar vi mykje aktivitet, festivalen avlar dugnadsinntekter til lag og foreiningar, omsetningsrekordar i butikkane og sist, men absolutt ikkje minst, aktivitet, liv og røre i bygda. Det er absolutt givande å vere ein del av.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...