Heim Nyhende 21.500 besøkande på Sogn og Fjordane Teater

21.500 besøkande på Sogn og Fjordane Teater

Meir enn 2000 over målsettinga.

I 2013 nådde Sogn og Fjordane Teater (SoFt) eit publikumstal på 21.500. Målsettinga var 19.400 besøkande, så dette talet er SoFt godt nøgde med, melder Framtida.no.

I 2013 spelte SoFt 201 framsyningar fordelte på ti produksjonar medrekna gjestespel. Verksemda er i hovudsak fordelt på framsyningar i skular og barnehagar og opne framsyningar. I tillegg inkluderer verksemda nokre framsyningar spelte for organisasjonar og bedrifter. Produksjonen som peikar seg ut som største publikumsmagneten var «My fair lady goes Sogn og Fjordane» med 1756 besøkande. Det stykket som vart mest sett i faktiske tal var samarbeidsproduksjonen «Ein god dag kjem aldri for tidleg», som vart vist i tre fylke og sett av totalt 6.491 personar.

Dei siste tre åra har SoFt hatt eit gjennomsnittleg besøk på 19.900 personar.

Les fleire saker om teater på Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...