Heim Nyhende Åtvarar mot sentralisering av utdanningar

Åtvarar mot sentralisering av utdanningar

Studentar vert ofte verande i regionen etter endt utdanning. Høgskulerektorar fryktar sentralisering av kunnskap med færre lærarutdanningar.

 

I tordagsutgåva av Dagsavisen kunne ein lese at NHO-direktør Kristin Skogen Lund og Ola Magnus Rydje i Norsk Studentorganisasjon (NSO) oppfordra kunnskapsministeren til å setje ein stoppar for «den ville veksten» i studietilbod.

 

Skogen Lund foreslår mellom anna å kutte talet på stader som tilbyr lærarutdanning frå 20 til sju. Pedagogstudentene ynskjer debatten velkommen, men utdanningsinstitusjonane ueinige.

LES SAKA: – For mange studietilbod i Noreg

Ikkje isolert i studiebygda
– Ei så radikal sentralisering som Kristin Skogen Lund føreslår vil eg åtvare mot, seier Per Halse, rektor ved Høgskulen i Volda (HiVolda).

Han kan seie seg einig i delar av NHO-direktøren si utsegn, men trur ikkje at store lærarutdanningar berre i dei største byane er vegen å gå.

Nesten 700 av dei rundt 4000 studentane ved HiVolda sorterer under lærarutdanninga: barnehagelærar, grunnskulelærar og praktisk pedagogisk utdanning – heil og deltid.

Halse peikar på at Volda har eit godt fagmiljø, og at dagens teknologi gjer at ein ikkje sit isolert i si eiga studiebygd.

I tillegg har lærarutdanninga synt seg å vere viktig for å rekruttera lærarar til området. Studiar syner at brorparten av dei som tek velferdsutdanningar – sjukepleiar, lærar og sosialarbeidar – i Møre og Romsdal, arbeider i fylket to år etterpå. Fleire av desse kjem opphavleg frå andre område.

– Om det berre vert lærarutdanning i dei største byane, er eg redd det kan verte ein kvalitetsforskjell der gode velutdanna lærarar arbeider i sentrale område, framfor distrikta.

Tendensen er den same ved studiestader i store delar av landet. I fjor meldte Bergens Tidende at halvparten av Bergensstudentane blir. 8 av 10 studentar ved Universitetet i Stavanger, får seg arbeid i Rogaland, syner ei undersøking gjort på oppdrag frå universitetet i 2011.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

Færre i Finland
Leiar i Pedagogstudentene Arnt Gunnar Johansen meiner det kan vere lurt å sjå på talet på stader som tilbyr lærarutdanning.

– Ein må finne ein balanse som sikrar gode og sterke fagmiljø, meiner Johansen, som òg seier at den norske tradisjonen med små lærarutdanningar er viktig for rekrutteringa.

Han peikar på at Finland, som gjerne vert rekna som eit føregangsland når det kjem til skule og læraryrket, berre har åtte universitet som tilbyr lærarutdanning. Sjølv vil han ikkje seie noko om kor mange lærarutdanningar Noreg bør ha, men etterlyser ein ny rapport om emnet.

I 2008 kom Stjernø-utvalet med ei utgreiing om høgare utdanning i Noreg. Utvalget var uroa for kvaliteten ved dei mindre lærarutdanningane, mellom anna på grunn av mange deltidsstudentar. Dei anbefalte difor at regionane samarbeida meir om kva profil høgskulane skulle ha og at Kunnskapsdepartementet burde ha meir å seie når det kjem til storleik, profilering og lokalisering.

LES OGSÅ: Fire av ti studentar fullfører ikkje graden

Toppar listene
Rektor Halse får støtte av rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) Liv Reidun Grimstvedt om at større sentrale lærestader ikkje er vegen å gå. Begge meiner at tett oppfølging av studentane er ein kvalitet ved mindre utdanningsinstitusjonar.

– Eg er ueinig med Skogen Lund i at stor er lik god kvalitet, og liten er lik dårleg kvalitet, seier Grimstvedt.

Ein tredel av studentane ved Høgskulen Stord/Haugesund kjem under avdelinga for lærarutdanning og kulturfag. Skulen er best i landet når detkjem til gjennomføring av fireårig lærarutdanning. På andreplass finn ein Høgskulen i Volda. Dette går fram av «Tilstandsrapporten» for høgare utdanning som Kunnskapsdepartementet gav ut i vår.

Rektoren ved HSH fortel at heile 85 prosent av studentane deira er frå regionen. Grimstvedt peikar på at for mange av desse er det ikkje eit alternativ å reise vekk. Grunnen til dette kan mellom anna vere ein partnar som allereie er i arbeid, noko som gjer ein mindre fleksibel. Alternativet vert då ei anna utdanning, og ein får færre lærarar.
Her, som i store delar av landet, vert studentane verande etter ferdig utdanning. Heile 90 prosent av studentane arbeider i regionen rundt Stord og Haugesund etterpå.

– Hadde me ikkje hatt lærarutdanning her hadde ikkje ungane hatt kompetente lærarar. Det vert ei for enkel kopling å seie at dei flinke reiser ut, meiner Grimstvedt.

Les meir i Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...