Heim Nyhende Lasse Hansen ny administrerande direktør i KS

Lasse Hansen ny administrerande direktør i KS

Lasse Hansen er tilsett som ny administrerande direktør i KS, organisasjonen til kommunesektoren.

Hansen som i dag er rådmann i Fredrikstad kommune, startar i stillinga i slutten av juni.
 
– Dette er ei eineståande moglegheit for ein som er oppteken av kommunen som sjølve berebjelken i velferdsstaten. Gjennom åra som rådmann har eg fått stor respekt for den kompetansen som dei tilsette i KS sit på, og eg gler meg til å arbeide saman med både dei og dei tillitsvalde i organisasjonen, seier Hansen.
 
Han har vore rådmann i Fredrikstad sidan september 2008 og har tidlegare vore rådmann i Notodden kommune, kommunalsjef for samfunns- og kulturutvikling og rådmannsvikar i Porsgrunn kommune, byingeniør i Skien kommune og underdirektør i Miljøverndepartementet.
 
– Eg er svært godt nøgd med å ha rekruttert han til KS som administrerande direktør. Det er viktig for KS å ha ein toppleiar som har førstehandskjennskap til dei daglege utfordringane til medlemmene, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...