Heim Nyhende Norske småkommunar sårbare for korrupsjon

Norske småkommunar sårbare for korrupsjon

Transparency International Norge meiner at kontrollrutinane mot korrupsjon i norske småkommunar ikkje er gode nok.

Ein rapport frå EU som blei lagt fram i februar påviste at små kommunar er meir sårbare for korrupsjon enn større.

Sjølv om Noreg ikkje er evaluert i rapporten, får fleire andre nordiske land kritikk for manglande rutinar, og Transparency International trur ikkje det er betre stilt i Noreg, skriv Nationen.

– Vi veit ikkje om vi er betre enn Sverige og Finland. Men det er ingen grunn til å tru at korrupsjon ikkje kan skje i norske kommunar og fylkeskommunar – det har vi også fått bekrefta at det kan, seier Tor Dølsvik i Transparency International Norge

Ifølgje han er 24 personar i kommunesektoren dømde for korrupsjon i Noreg etter at straffelova i 2003 fekk eigne korrupsjonsavgjerder.

EU-rapporten slo fast at korrupsjon kostar EU 120 milliardar euro kvart år, og viser at faren for korrupsjon generelt er høgare på regionalt og lokalt nivå, fordi det der er færre og svakare kontrollsystem enn på nasjonalt nivå.

Ei undersøking kommunesektororganisasjonen KS gjorde blant leiarar i kommunesektoren i fjor, avdekte også at fire av ti kjente til at det var blitt framsett forslag om «usømelege fordelar» til kommunetilsette. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...