Heim Nyhende Berre éin kommune er stor nok

Berre éin kommune er stor nok

Ekspertutval vil foreslå at kommunane bør ha minst 20.000 innbyggjarar. I så fall er det berre éin nynorskkommune med mange nok innbyggjarar.

 

Ekspertutvalet til regjeringa kjem til å foreslå at norske kommunar bør ha minst 20.000 innbyggjarar, ifølgje Stavanger Aftenblad. Det tyder at kvar tredje kommune i Rogaland vil vere for liten.

Utvalet skal måndag i neste veke leggje fram konklusjonane om korleis kommunestrukturen i Noreg bør sjå ut. Men ifølgje ein lekkasje frå utvalet, går utvalet inn for at det bør vere minst 20.000 personar i ein kommune.

For Rogaland betyr det at kvar tredje kommune, slik situasjonen er i dag, vil vere for liten, skriv avisa.

Ordførar Bjørn Kars (H) i Randaberg kommune har sete i ei ordførargruppe som har levert innspel til ekspertutvalet. Han vil ikkje seie anna om konklusjonane enn det som gjeld storleiken på kommunane.

– Utvalet kjem til å lande på at kommunane bør ha minst 20.000 innbyggjarar, seier Kars.

Han trur dokumentet som blir lagt fram måndag, kjem til å setje ny fart i debatten om kommunegrensene.

Av nynorskkommunane er det berre Fjell kommune som i dag har over 20.000 innbyggjarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...