Heim Nyhende Hans Olav Tungesvik er ny heidersmedlem

Hans Olav Tungesvik er ny heidersmedlem

Hans Olav Tungesvik er utnemnd til ny heidersmedlem i Noregs Mållag under festmiddagen på landsmøtet.

Hans Olav Tungesvik var leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970. Han har vore stortingsrepresentant for KrF frå 1977-85, er spesialist i psykiatri og vart kjent med radioprogrammet «Eit kvarter med legen» frå 1970.

Grunngjevinga frå styret i Noregs Mållag:
Soga til nynorsken heng mykje godt saman med soga til målrørsla. Det var ein einaste mann som laga den konkrete språkkoden som vart målet, det var ei handfull særs glupe og endå meir særs skrivande folk som lyfte målet i norsk ålmente til dess folk som var glade i dette målet, fylkte seg i Noregs Mållag og byrja arbeidet andsynes styresmaktene.

Det er denne tradisjonen – kjærleiken til målet og endelaus idealisme – som er grunnlaget for sigrane til nynorsken. Det er denne tradisjonen me står på akslane til. Noregs Mållag var med og dreiv fram Dag og Tid og på den tid fanst det ikkje pressestøtte og slikt. Då heiv målmenn og målkvinner seg rundt; pantsette hus og heim for å tryggje drifta.

Då målrørsla sakte, men sikkert fekk samla seg att utover 1960-talet, etter nokre harde stridsår, var det ein ung, nyvald mållagsleiar som i 1965 sveipte augo over kongeriket og tykte målrørsla skulle tilmåte seg den nye tida. “Korleis skal målrørsla møte ungdomen, desse som køyrer motorsykkel på vegane og høyrer på jazz?”, spurde Sigmund Skard i 1955. Ti år seinare tenkte denne unge mållagsleiaren at då trengst jazz på nynorsk, trafikkskilt på nynorsk og ikkje minst; ei nynorsk riksavis: Dag og Tid. Der var han heilt avgjerande.

Medan kona tok det største ansvaret for ein stadig større familie, dei fekk mellom anna tvillingar på sjølvaste jolaftan, brukte denne karen mest all tid utanfor familielivet på målarbeid, og gjekk difor ned til halv stilling i sitt vanlege arbeid. Slik dreiv nyleiaren fram arbeidet som førde til det viktigaste skriftet for Noregs Mållag sidan Halvdan Koht heldt tala si på landsstemna i Voss i 1921 – programmet Målreising 1967 (med Berge Furre som formann i nemnda for programmet).

Frå 1969 vart det lovfest at alle skulle få 9-årig skule, med Grunnskulelova. Dette førde igjen til at det vart titusenvis fleire ungdomar som byrja på gymnaset. Der møtte dei mest berre bokmål på tavle og i bøker. Ungdomen byrja gå i tog, fyrst i Øystese og seinare over heile landet. Dei, ungdomane altså, trong allierte og der møtte dei denne tidlegare leiaren i mållaget som straks hjelpte dei med å få saka inn i Stortinget. Det var også denne karen som tok opptak til at Noregs Mållag fekk ein eigen ungdomsorganisasjon i 1961; Norsk- elev- og Studentmållag.

Då Nynorskstafetten i fjor melde frå til lokallaga om kvar han skulle og kva tid han kom, kasta denne no 77 år gamle mannen, stadig like ihuga mållagsaktivist, seg rundt og organiserte ein flott Aasen-dag i heimkommunen sin.

«Det er Mann, som gjerer Manns verk», er dagens Aasen-ord på appen «Dagens Aasen». Det finst målarbeid av alle slag. Og alle typar er like bra. Denne mannen har vore aktiv i studentmållaget, i mållaget sentralt (ikkje minst som leiar i fem år), i lokallaget, i Riksfondet for nynorsk presse og eg veit mest ikkje kvar han ikkje har vore målaktivist.

Innimellom målarbeidet sitt, som attåt familien må vera ein viktig berebjelke i livet hans, har denne karen vore mellom dei fremste formidlarane av medisinsk kunnskap. Særleg stor lukke gjorde han med radioprogrammet “Eit kvarter med legen”, ein serie som gjekk på NRK i mange år på 1970-talet. Vidare enn dette også har han eit langt rulleblad innehaldande allmennpolitikk, speidar, trim og trening, misjon, institusjonsbygging innan psykisk helse, ja, og mykje til. No for tida kanskje mest seniorpolitikk – og det kan også gjerast på nynorsk!

Det går ei bein line frå Ivar Aasen og dei fyrste målmennene til denne store idealisten. Alle målfolk er gode målfolk, og alt målarbeid er godt målarbeid. Like fullt er det sume som anten ved tilfelle eller på grunn av livet sjølv eller gjennom handlingane sine, fær store eller større konsekvensar for livsvilkåra til nynorsken.

Ein av desse er Hans Olav Tungesvik og det er ei stor ære for meg og styret å kunngjera at Hans Olav Tungesvik er utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...