Heim Nyhende Innvandring reddar øysamfunn

Innvandring reddar øysamfunn

Solund kommune kan takke innvandrarar for at klasseromma og arbeidsplassane ikkje står tomme.

 

Folketalet i øykommunen i Sogn og Fjordane er i fritt fall, men innvandring er med på å bremse utviklinga. Det siste tiåret har talet på utanlandske tilflyttarar til kommunen firedobla seg, frå 19 til 82, skriv Bergens Tidende.

– Vi gler oss over all tilflytting til Solund, også dei som kjem frå utlandet, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) til avisa.

Han fortel at tilflyttinga har gjort Solund til eit rikare samfunn. Sjølv brukar han konsekvent ikkje ordet innvandring, då han synest det er for negativt.

Utan innvandrarar ville det sett dystert ut for Solund. I fjor vart det født berre tre barn i kommunen. For kvar fødsel sender ordføraren eit personleg brev og gåvekort på 1000 kroner til foreldra.

Ordførar Ole Gunnar Krakhellen er open om at kommunen ville ha slite utan arbeidsinnvandringa frå EØS-land.

– Det er eit faktum at vi må ut av landet for å finne arbeidskraft. Verda har kome nærmare på Solund. Det trur eg ikkje er negativt, seier Krakhellen. (©NPK)

Les òg intervju med Noregs yngste ordførar Ole Gunnar Krakhellen i Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...