Heim Nyhende Kommunane vil ha 713 millionar i breibandstøtte

Kommunane vil ha 713 millionar i breibandstøtte

Post- og teletilsynet (PT) har fått 171 søknader på til saman 713 millionar frå kommunar som ønskjer å byggje ut breiband i grisgrendte strøk.

 

Søknadene kjem frå 16 fylke. Nordland søkjer om heile 131 millionar kroner. Den totale kostnadsramma for dei aktuelle breidbandsprosjekta som det blir søkt om statleg støtte til, ligg på 1,3 milliardar kroner.

PT har likevel ikkje meir enn 160 millionar kroner å dele ut til slike prosjekt i 2014, og behandlinga av søknadene har no starta.

Breibandsstøtteordninga skal finansiere breibandsutbygging i område der dei kommersielle aktørane ikkje meiner det er lønnsamt å byggje.

På heimesidene til Post- og teletilsynet ligg det ute ei landsdekkjande oversikt over dei planlagde breibandsprosjekta. Denne oversikta blir fortløpande oppdatert. (©NPK)

Førre artikkel– Språk er makt
Neste artikkelAasmund, Odd og nynorsken

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...