Heim Nyhende – Språk er makt

– Språk er makt

Karl Arne Utgård er den einaste dommaren i Høgsterett som brukar nynorsk. Torsdag opna han Dei nynorske festspela og snakka om den makta språket kan ha.

 

– Til meir innfløkt og vanskeleg ein tekst er skriven, til større makt utøver den som meistrar språket samanlikna med dei som ikkje kan det så godt. Og til lenger borte frå det vanlege språket ein tekst er, til vanskelegare er det for alle å kunne gjere seg nytte av han.

Det sa høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, som hadde æra av å opne Dei nynorske festspela 2014 i Aasentunet torsdag. I opningstalen snakka han mykje om nettopp språk og makta i språket.

Heidra grunnlovsarbeidet

– At Grunnlova no også er på nynorsk er eit markert uttrykk for reell likestilling i samfunnet vårt, sa han til Nynorsk pressekontor før arrangementet. Han fortalde også at det for han personleg ville ha vore ein ekstrem nedtur om det ikkje hadde kome ein nynorskversjon av lova.

Han viste til kor viktig dette er for demokratiet og at vedtaket er historisk.

– Om to snakkar det same språket er dei likestilte. Om den eine ikkje fullt ut kan eit språk, blir maktbalansen skeiv og det er den som har full kunnskap i språket som er overlegen. Difor er markeringa av at vi endeleg har fått Grunnlova på nynorsk veldig viktig.

Eit moderne norsk – og det er nynorskversjonen som er den moderne språkversjonen – har mykje å seie for demokratiet.

Han rosa også Per Olaf Lundteigen (Sp) og Martin Kolberg (Ap) som var viktige i arbeidet med å få Grunnlova på nynorsk.

Oppfordra til vidareutvikling

I talen sin la Utgård og vekt på at vedtaket vil føre til inspirasjon for nynorskbrukarar generelt, og han oppfordra alle nynorskbrukarar til å syte for at offentlege institusjonar blir flinkare til å etterleve kravet om språkleg jamstilling.

– At informasjon frå ein institusjon er tilgjengeleg også på nynorsk, er ikkje berre til nytte for dei som skal gjere seg kjende med informasjonen. Det skjer samtidig også ei klargjering av kva som er korrekt nynorsk, som er til nytte for alle som skal skrive vedtak eller anna på nynorsk, sa han.

I tillegg til å syte for nynorsk i statlege organ, oppfordra han og nynorskmiljøet til å ta ansvar for å halde fram å vidareutvikle og modernisere nynorsken for å slik hindre framandgjering.

– Vi må i Ivar Aasens ånd syte for at språket er i samsvar med tida og tilhøva, som det gjerne heiter i lovspråket. Nynorsken må også vere slik at dei nye generasjonane naturleg held fram med å bruke han når dei går ut av skulen. Og ikkje minst må vi nok tenkje litt meir på at nynorsken må vere slik at det er naturleg også for dei mange som kjem hit til landet, kjenner seg heime i han, avslutta han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...