Det finst eit hav av gode barnebøker på nynorsk, og no kan du vere med å gi tips til kjekke bøker i ein eigen kampanje.
Ved å bruke hashtagen #lesesumar på sosiale medium skal den nynorske barnelitteraturen synleggjerast og hyllast. Dette er ein eigen kampanje som Noregs Mållag, Målungdommen, forlaga Samlaget, Skald og Mangschou, LNK, Framtida og Nynorsksenteret i Volda samarbeider om. Det var forlagsgruppa i Skald som tok initiativet.
På nynorskbok.no og Framtida.no er det samla mange gode lesetips til barn og unge på nynorsk.
Blir oversett
Tradisjonen tru kjem det artiklar i avisene om anbefalingar til bøker om sommaren, men få nemner nynorske bøker.
– Det kan sjå ut som om nynorsk barnelitteratur ikkje blir vurdert som nasjonal relevant – noko vi vil arbeide for å fortelje at han er, seier Rangfrid Trohaug, seniorredaktør i Det Norske Samlaget.
– Vi vil slå saman musklane for å arbeide meir for formidling. Vi har sett at det er eit behov for at vi snakkar i lag, og tendensane i bransjen er sentrale grunnar til dette. Vi ser ei sentralisering innanfor bokhandelbransjen. Det er nesten berre kjedebokhandlarar att i marknaden og innkjøpa til dei ulike bokhandlane blir gjort sentralt, fortel forlagssjef i Skald Simone Stibbe til NPK.
Må starte tidleg
Kampanjen set fokus på formidling og medvit. Mållaget synest dette er eit svært viktig initiativ.
– Vi må kommunisere betre ut i dei nynorske kjerneområda kor viktig det er med nynorsk barnelitteratur, at barn møter nynorsken tidleg i livet. Det er viktig for barn å møte nynorsken tidleg for at dei skal halde fram med nynorsken seinare i livet. Det er for seint å presentere nynorsken for barna når dei kjem på skulen og skal velje nynorsk eller bokmålsklasse, seier leiaren av Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. (©NPK)