Heim Nyhende Populære festspel med mange urframføringar

Populære festspel med mange urframføringar

Festspeldiktar Agnes Ravatn og årets nynorskbrukarar Aasmund og Odd Nordstoga slo an tonen opningsdagen. Sidan heldt det berre fram i fire strålande dagar med varierte og fullsette arrangement.

 

– Festspeldiktar Agnes Ravatn er litterært original og har sett eit tydeleg og viktig preg på Festspela i år, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

– Temaet Makt gav oss store rom når vi skulle fylle dei ulike programpostane, og vi fekk gleda av å gi publikum både gode festivalopplevingar og eit par kraftfulle debattar. Festspelgjestene kunne også ta med seg ny kunnskap og uventa innsikt om viktige emne, frå litterære klassikarar til digitale medium.

Solveig Styve Holte, ein av dansarane som endevende Aasen-tunet og trollband publikum med dans. Foto: Aasen-tunet, Tonje SætreSom ei feiring av nynorsk og dialektar skal Dei nynorske festspela femne svært vidt. Det nynorske mangfaldet viste denne gongen att i fleire titals arrangement om språk og litteratur, og i seks konsertar med like mange musikalske uttrykk.

– Dette gjer Festspela viktige for gjestene, som får eit meir variert tilbod enn mange andre stader, og får fram kva verdiar nynorsk skriftkultur tilfører eit mangfaldig Noreg, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

– Aldri før har fleire besøkt litterære og språklege arrangement under Festspela, seier Øvereng, og legg til at det har vore jamt høge gjestetal på alle arrangement i år.

Det totale gjestetalet enda på om lag 6100 gjester, godt over budsjett. Førebels rekneskap er klar i september.

– Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og kostnadene har vore under kontroll, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet.

– Den auka støtte vi no har fått frå vertskommunane er avgjerande for at Festspela kan halde høg kvalitet. Det same er godt samarbeidet med lokalmiljøet og innsatsen til dei mange frivillige, avsluttar han.

Lurivar og assistent Anna Elise presenterte Grunnlova for dei yngste. Foto: Aasen-tunet, Tonje Sætre

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...