Heim Nyhende Pensjonsrekninga aukar med 5,5 milliardar for kommunane

Pensjonsrekninga aukar med 5,5 milliardar for kommunane

Eit nytt vedtak frå Finanstilsynet gjev kommunane ei auka pensjonsrekning på 5,5 milliardar kroner. For verksemder er utgifta venta å auka til 3,5 milliardar.

 

Dei auka pensjonskostnadene kjem av at Finanstilsynet har avgjort at høgste tillatne utrekningsrente for livsforsikring skal reduserast til 2 prosent frå nyttår, skriv Dagens Næringsliv.

Det tyder at verksemder som har ytingspensjon for dei tilsette, må betala inn ein større premie for å sikra at pensjonen til den einskilde tilsette vert på det nivået ytinga garanterer. Vanlegvis er det 66 prosent av sluttløn.

For kommunane vert altså premieauken på 5,5 milliardar kroner, ein auke på 14 prosent frå 40 milliardar i 2013. For private verksemder med ytingsordningar reknar Finanstilsynet med ein premieauke på 3,5 milliardar kroner. Også det er ein auke på 14 prosent samanlikna med 25 milliardar i fjor, skriv avisa.

Både Unio og KS krev no kompensasjon for å hindra kutt i kommunale tenester. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...