Det Norske Teatret i Oslo selde 20.000 fleire billettar i vårsesongen enn i same periode i fjor. Den Nationale Scene i Bergen hadde derimot kraftig nedgang i besøket.
– Oppgangen til Det Norske Teatret er veldig gledeleg og fortent. Dei har eit variert repertoar med ein del dristige val, dei klarer å lage blest om småscenane, samstundes som teatret har auka fleksibiliteten, seier teatermeldar Therese Bjørneboe i Aftenposten til eiga avis.
Teatersjef Erik Ulfsby er også godt nøgd med 79.044 selde billettar i vår, og meiner det kjem av at dei la storsatsinga Spelemann på taket til våren. Tidlegare har dei største satsingane hatt premiere i september.
Den Nationale Scene i Bergen har selt 17.000 færre billettar i vår enn året før, men teatersjef Agnete Haaland meiner det kjem av at 2013 var eit uvanleg godt år. Ho er nøgd med 52.806 besøkjande i vår og seier ho er stolt over repertoaret deira med tre urpremierar.
Oslo Nye Teater og Nationaltheatret hadde ganske stabile besøkstal i vår. (©NPK)