Heim Nyhende Rapport: Lite samarbeid ved ekstremvêr

Rapport: Lite samarbeid ved ekstremvêr

Berre fire av ti kommunar har avtalar med frivillige organisasjonar om kva som skal gjerast i ekstremvêrsituasjonar, ifølgje ein ny rapport. Røde Kors er uroa.

 

Organisasjonen har utarbeidd rapporten – som blir lagt fram under Arendaluka torsdag – i samarbeid med Meteorologisk institutt og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Endringane i vêret vil sette oss på nye prøvar og vil få konsekvensar for beredskapsarbeidet både for kommunar og frivillige organisasjonar, seier generalsekretær Åsne Havnelid i Røde Kors til Aftenposten.

– Kunnskap om lokale forhold og rask respons er nødvendig for å avverje menneskelege og store materielle skadar, fortset generalsekretæren.

Ifølgje rapporten har berre tre av ti kommunar både varslingsrutinar og skriftlege avtalar med frivillige organisasjonar, medan to av ti kommunar manglar begge deler. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...