Heim Nyhende Her skal 16-åringane få stemma

Her skal 16-åringane få stemma

20 kommunar får delta i forsøk med nedsett stemmerettsalder ved kommunestyrevalet i 2015. Ti nye kommunar er med i forsøket.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har vald ut ti nye kommunar som vil delta i forsøket med nedsett stemmerettsalder. 124 kommunar søkte om å delta.

– Regjeringa gjennomfører eit nytt forsøk med nedsett stemmerettsalder for å få røynsler frå fleire val og fleire kommunar. Me vil blant vite om valdeltakinga blant 16- og 17-åringane som stemte i 2011, blir høgare i 2015 når me samanliknar med ungdomar som ikkje deltok i forsøket. Dette vil gi betre kunnskap om langsiktige effektar av nedsett stemmerettsalder, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

LES OGSÅ: – Regjeringa skuffar om stemmerett

Høgare valdeltaking

Forsøket er ei oppfølging av forsøket med nedsett stemmerettsalder som blei gjennomført i 20 kommunar under kommunevalet i 2011.

Evalueringen av forsøk i 2011 viste store variasjonar i valdeltakinga blant ungdomane i kommunane som deltok. Valdeltakinga blant 16- og 17-åringane var høgare samanlikna med 18- og 19-åringane, som òg var førstegangsveljarar. Det blei vald inn fleire unge kandidatar i forsøkskommunane enn i kommunane utan forsøk. Samstundes er det lite som tyder på at forsøket førde til at 16- og 17-åringane blei meir politisk modne.

Longyearbyen lokalstyre har søkt Justisdepartementet om å drive forsøk med nedsett stemmerettsalder. Justisdepartementet har denne søknaden til handsaming.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

Nye kommunar med stemmerett for 16- og 17-åringar er: Oppegård, Gausdal, Gol, Horten, Lillesand, Hå, Kristiansund, Klæbu, Målselv, Vadsø.

I tillegg vil kommunane Marker, Hamar,  Porsgrunn, Mandal, Stavanger, Austevoll, Luster, Namdalseid, Tysfjord, og Kautokeino delta. Desse kommunane deltok òg under forsøket ved valet i 2011.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...