Heim Nyhende Seminarpakke under Falturiltu 2014

Seminarpakke under Falturiltu 2014

Seminar om Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur 5. november og seminar om fantasy 6. november.

 

Festivalpakke – Falturiltu

Onsdag 5. og torsdag 6. november har me eit tilbod som må vera midt i blinken for alle litteraturformidlarar og andre som er glade i god barne- og ungdomslitteratur. Då kan du få med deg to seminardagar med fagleg påfyll, og i tillegg få ein smak av den festivallivet på verdas einaste nynorske barnebokfestival.

Du vel sjølv om du vil vera med på begge, eitt eller ingen av kveldsarrangementa. Deltek du på begge seminardagane, får du spesialpris på Grand Hotell Stord. Du får òg rabatt på arrangementa til Falturiltu kvelden 5. november.

SEMINAR onsdag: Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur

Stad og tid: Småsalen, Stord kulturhus 5. november
Målgruppe: bibliotekstilsette, førskulelærarar, lærarar og andre interesserte.
MÅL: Vise fram den gode litteraturen og visa korleis han kan formidlast
Arrangørar: Landssamanslutninga av nynorskkommunar v/Framtida.no, Nynorsksenteret, Det norske Samlaget og Fylkesbiblioteket i Hordaland

09.00 Registrering

09.30 Opning ved Stord-ordførar Liv Kari Eskeland.

09.40: Den nynorske barnelesaren sine ukrenkjelege rettar, Ragnfrid Trohaug, fungerande forlagssjef, Samlaget.

10.10 Janne Karin Støylen, formidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, om formidling, spesielt om lesegleding.

10.50 Å skriva for dei som ikkje vil lesa, Terje Torkildsen, forfattar av fleire prisvinnande ungdomsbøker på nynorsk

LUNSJ 11.30:

12.15:  Kunsten å velje nynorskbok. Om føresetnader for god formidling og nye, gode bøker, ved prosjektleiar og formidlar Anne-Stefi Teigland, Bergen Offentlige Bibliotek

13.05: Kort pause.

Delte sesjonar:

Barnehage og småskule – småsalen:

13.10: “Ein banan er ikkje berre ein banan”. Om dialogisk lesing og vaksne som språklege rollemodellar. Hentar døme frå Mopp og Mikko-prosjektet i Ølensjøen barnehage. Presentasjon av Lesesenteret og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) sitt materiell: “Hugs å lese saman med ungane!”, ved Trude Hoel, Lesesenteret.

Ungdomsskule og vidaregåande – i Kunsthallen i kjellaretasjen på Stord kulturhus:

13.10:  Frå ungdommen. Om kriterium for kvalitet hjå ungdomslesaren, ved Janne Karin Støylen, høgskulelektor ved Nynorsksenteret.

14.00: Pause

Fellesdel:

14.15-15.00 Paneldiskusjon med innspel frå salen: Kva kan gjerast for å få god, nynorsk barne- og ungdomslitteratur ut til fleire unge lesarar? Fungerande forlagssjef Ragnfrid Trohaug, årets bokhandlar Bente Soldal, leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø og bibliotekssjef i Fitjar folkebibliotek Silje Vågen Torbjørnsen i samtale.

 

Pris: 250 kroner for seminaret onsdag. Lunsj inkludert.

 

Kveldsprogram

20.00: vaage@sunnhordland.museum. Vaksenbokkveld i regi av Stord mållag. Debutanten Eli Fossdal Vaage les frå diktboka Hekla myter. Lars Amund Vaage les frå diktboka Den raude staden og Hanne Bramness les frå barnediktboka Vintersong. Vinnaren av handarbeidstevlinga vår blir kåra. Spesialpris: 50 kroner

 

Seminar torsdag: Fantasi og fanteri – om fantasy og fantastikk.

Stad og tid: Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, 6. november

08:30     Kaffi, te, registrering

09:00     Opning. Rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag.

09:30     Ikkje for sarte sjeler, altså!
Forfattar Tor Arve Røssland om kvifor skrekk og gru er så forlokkande for mange lesarar, spesielt unge, og kva erfaringar han har gjort etter nokre hundre opplesingar om Svarte-Mathilda.

10:15     Pause

10:30     Når eg skriv at det vesle saksedyret brettar vengene 40 gonger etter kvar flygetur, kunne ikkje det vere starten på eit eventyr?
Forfattar Erna Osland  om det fantastiske i fagbøker for barn.

11:15     Lunsj

12.00     ”Fantasy – nei takk, jeg liker ikke sånne bøker!”
Fantasyforfatter Mari Moen Holsve tenkjer høgt rundt fantasysjangerens rykte. Kvifor vil mange heller bli tatt på fersken i å lesa Fifty Shades of Grey enn i å lesa fantasy? Eit skråblikk på klisjear og fordommar.

13:00     Skammarens dotter – Ein opera med utgangspunkt i boka av Lene Kaaberbøl. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH.

14:00     Den fantastiske spenninga

Forfattar Lars Mæhle vil med utgangspunkt i sin eigen fantasyserie for ungdom, Landet under isen, komma inn på mulege årsaker til at så mange unge lesarar finn fantasylitteratur fascinerande.

15:00     Slutt

Seminarleiar: Per Olav Kaldestad

Seminaravgifta på 250 kroner inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt torsdagen. Meld deg på her:

http://www.hsh.no/arr/index.php?id=0000001972

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...