Heim Nyhende Riksantikvaren vil påby brannsikring av kyrkjer

Riksantikvaren vil påby brannsikring av kyrkjer

Det må ei lovendring til for å få brannsløkkjingsanlegg i dei fleste kyrkjer, meiner Riksantikvaren. I dag har berre éi av ti kyrkjer slike anlegg.

 

– Regelverket er ikkje godt nok. I dag er det ikkje lov å påleggje sløkkjingsanlegg i gamle kyrkjer. Den moglegheita burde ein hatt, seier seksjonssjef Harald Ibenholt hjå Riksantikvaren til Vårt Land.

– Dette er historiske bygningar med stor kulturminneverdi, også for dei neste generasjonane. Dei har dessutan mykje å seie for lokalsamfunna i dag. Her blir dei store hendingane i livet markert, seier han.

I rapporten «Kirkekontroll 2013-2014» som blir presentert denne veka, seier Kirkelig arbeidsgivar- og interesseorganisasjon (KA) at 70– 80 prosent av dei 1.625 kyrkjene her i landet bør få automatisk brannsløkkjingsanlegg. Ifølgje rapporten har berre 32 nye kyrkjer fått slikt anlegg dei siste fire åra. Dersom det tempoet fortset, vil ikkje målet vere nådd før om 130 år.

– Eit automatisk sløkkjeanlegg har alt å seie ved tilløp til brann, seier Oddbjørn Sørmoen i KA. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...