Fylkesordføraren i Møre og Romsdal meiner det er naturleg at nordfjordingane ser mot nord dersom Sogn og Fjordane fylke blir lagt ned.
Bakgrunnen for uttalen er ein rapport som antydar at Sogn og Fjordane har for få innbyggjarar til å halde fram som eige fylke. Skulle det skje, ønskjer fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), Nordfjord velkommen.
– Det store spørsmålet er: Kva vil Nordfjord? Vil heile Nordfjord eller delar av Nordfjord gå nordover? Eg trur iallfall at nordsida av Nordfjorden går nordover, seier Aasen til NRK.no.
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes (Ap), er ikkje begeistring for tanken på å splitte fylket. Skulle Stortinget likevel gå for ei nedlegging ser Kjelsnes føre seg ei samling saman med heile Møre og Romsdal og Hordaland. (©NPK)